Frå matfatet

Havre

Lat oss byrje året med å ta inn litt meir mangfald.

Ikkje nokon svarteper: Svarthavre er litt annleis enn kvit og gul havre, men det treng ikkje vere noko i vegen med han for det.
Ikkje nokon svarteper: Svarthavre er litt annleis enn kvit og gul havre, men det treng ikkje vere noko i vegen med han for det.
Publisert

Nytt år, ny mat på bordet. Kva skal vi ete i 2024, skal tru? Kva vert dei nye trendane, kva vil skape store overskrifter, og kva går ut av bruk? Kva kan vi få mykje ut av å hugse på som vi kanskje nesten har gløymt?

Og – kan noko vere både ein trend og nesten gløymt? Ja, eg vil påstå at havregryn er i den kategorien. Supertrendy blant nokre – dei som brukar havremjølk i staden for kumjølk, eller har glutenallergi – men samstundes ei råvare som langt frå har den status eller sentrale plass i kosthaldet vårt som ho ein gong hadde.

No meiner eg ikkje at vi skal gå attende til den tida då vi åt graut fleire gonger om dagen. Om det er mykje å utsette på norsk kosthald à la 2024, skal vi ikkje ynskje oss attende til dei dagar då variasjonen i norsk kosthald i stor grad var om grauten var kokt på havre eller bygg. Men vi kan jo klare å finne ein liten middelveg – i tider som no har vi ikkje vondt av å verte minte på at havre er det kornslaget som inneheld mest sunt feitt, har masse fiber, er greitt å dyrke i Noreg og heller ikkje kostar skjorta i butikk. Og så kan vi lære oss at havre ikkje er havre.

Gul, kvit og svart

Ja, for visste du at havre finst i ulike fargar? Den havren dei åt den gongen dei åt verkeleg mykje havre her til lands, hadde ikkje kvite eller gule korn, slik havren har i dag; dei korna var temmeleg svarte.

Den kvite og gule havren kom ikkje til Noreg før midt på 1800-talet. Fyrst byrja vi å importere slik havre frå Europa, før vi oppdaga at desse korna kunne vekse her hos oss òg – og gje monaleg større avlingar enn det svarthavren hadde klart.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement