Samtalen

Kuler, krut og mogleg kameraderi

Fem personar er sikta for korrupsjon i samband med opprustinga av Forsvaret. Leiaren for Økokrim opnar for at det kjem fleire slike saker.

Økokrim og leiaren Pål Lønseth åtvarar mot korrupsjon knytt til forsvarskjøp. Så langt i 2026 har dei sikta fem personer, anten for økonomisk utruskap eller for misbruk av offentleg styringsmakt. Biletet er frå ein pressekonferanse i 2024.
Publisert Sist oppdatert

«Kjøp, kjøp, kjøp», sa den danske statsministeren i fjor då det byrja gå opp for europeiske statsleiarar at Europa ikkje lenger kan stole på den amerikanske tryggleiksgarantien. Sidan har europeiske land – blant dei Noreg – rusta opp i rekordfart. Målet, blei Nato-landa samde om i juni, er å nytte 5 prosent av BNP på forsvar innan 2035 – 3,5 av desse prosentane på forsvar, resten på andre utgifter knytte til tryggleik.

Men massiv opprusting med uavgrensa pengebruk er vanskeleg. Førre veke publiserte Økokrim eit notat der dei åtvara om at auken i forsvarsutgifter også kan auke risikoen for korrupsjon. Same veke sikta dei tre tilsette i Forsvarsmateriell, som har i oppgåve å kjøpe inn utstyr til Forsvaret, for grov økonomisk utruskap. Det var ikkje første gongen i år: I februar sikta Økokrim to tilsette i eit selskap som hadde samarbeidd med Forsvaret om støtte til Ukraina. Ein av dei er offiser i Forsvaret.

– I tillegg ser vi på fleire andre saker der vi ikkje har sikta nokon på noverande tidspunkt, fortel Pål Lønseth, leiar i Økokrim.

– Det dreier seg om saker der vi kjøper inn tenester og materiell, både til å styrke forsvarsevna og til å hjelpe ukrainarane i kampen mot Russland.

– I notatet Økokrim publiserte førre torsdag, peiker de på at det er ekstra stor risiko for inhabilitet i forsvarssektoren. Kvifor er Forsvaret meir korrupsjonsutsett enn andre delar av offentleg sektor?

– Vi rustar opp og nyttar store ressursar på å kjøpe inn forsvarsmateriell. Det gjer alle våre allierte òg – alle spring til butikken på ei og same tid. Det skaper press i marknaden. Så er utstyret Forsvaret kjøper inn, ofte så teknisk avansert at sjølv dei som gjennomfører innkjøpa, ikkje kan ha full innsikt i utstyret dei kjøper. I tillegg er det naudsynt med ein del hemmeleghald i forsvarssektoren. Det gjer at journalistar og andre ikkje har like stort høve til å kontrollere kvaliteten på kjøpa vi gjer.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel