Kommentar

Blant fiendar

Tyskland skal bygge Europas største konvensjonelle hær. Dei seier dei gjer det for å unngå krig. Bør vi kjenne oss trygge?

Den tyske forsvarsministeren, Boris Pistorius, tok før jul imot det fyrste av dei nye europeiske NH90-helikoptera til den tyske marinen.
Publisert Sist oppdatert

Det var ein gong ein stat. Han låg midt mellom svært mektige naboar. Jorda var karrig og kasta lite av seg, og området var tynt folkesett. Likevel vart denne staten ei førande europeisk stormakt. Grunnen? Ein tilsynelatande uslåeleg hær.

Dette var statens kjerne. Preussen var kjend som ein hær med ein stat. Dagens Tyskland er eit anna land. Men skuggane frå den gamle krigarstaten er likevel ikkje til å tenke vekk frå militærstrategien som den tyske forsvarsministeren, Boris Pistorius, la fram sist veke.

Friske pengar

Dokumentet er historisk. Det er første gongen i forbundsstatens historie, altså etter 1949, at ein militærstrategi blir presentert for ålmenta. Hovudtrekka er kjende: Tyskland skal bygge Europas største konvensjonelle hær fram mot 2035. Og dei har skaffa seg pengar til å betale for det.

Rett etter forbundsdagsvalet i fjor vart den såkalla gjeldsbremsa, som i seinare år hadde lagt stramme band på opptak av statsgjeld, oppheva. Dermed kan friske, lånte pengar strøyme inn i det tyske statsbudsjettet og ut att til hæren og forsvarsindustrien.

Kven skal ut?

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel