«Trøflar er verde å sperre opp auga for – på så mange måtar.»
Verdiar i det fri: Her har du feriepengane dine sikra. Leitar du etter omvegar, kan det verte endå dyrare.
Foto: Wikimedia Commons
Kva er ordet du ser etter når du vil avsløre matjuks? Har du eit ord som får deg til å verte nysgjerrig, til å gå og sjekke innhaldslista eller til automatisk å styre unna?
Det er nok å velje i: «Nysteikt», til dømes, inneber som regel at eit bakeprodukt nyleg har vore i steikeomnen, men deigen som er steikt, har vore frosen i lang tid i forkant. Om produktet var bakt samtidig, ville det truleg vore omtalt som «nybakt». Ein «ferskpressa» juice tyder berre at råvarene var ferske då dei vart pressa – dei kan ha vore både frosne og pasteuriserte i etterkant.
«Tilbod» vil seie at vara er billegare enn ho ein gong var, men seier ingenting om kva pris som er nedsett. På same måte kan «bigpack» fort vere dyrare per kilo enn den same vara i ein mindre pakning.
Vi kunne halde fram. Men ordet som får mine auge til å sprette lengst fram i augeholene, det som gjer meg nyfiken og fingrane ekstra lange og klåete, er likevel eit anna: Kvar gong eg ser ordet «trøffel» i ein daglegvarehandel, må eg – ja, eg meiner må – straks sjekke om dette verkeleg kan vere ekte vare.
Så også denne gongen: Det gjekk vel om lag eit halvt sekund frå eg hadde lese «Philadelphia Trøffel» på Coop, til eg stod med pakken i handa og nistira på innhaldslista på baksida.
«Så potent er sjølv ikkje den svarte trøffelen.»
Sopp, men feil type
Noko som i og for seg var ufordring nok. Ferskosten Philadelphia er produsert av den globale matvaregiganten Mondelez (same konsern som eig Freia) på meierifabrikken deira i Tyskland, og for å spare emballasjekostnader er innhaldslista trykt på alle dei nordiske språka samstundes. Dette grepet er dei langt frå aleine om, men kombinert med trykk på sida av den låge boksen og ein særs samantrykt font vert det ei lite lesevenleg oppleving.
Ved å sperre opp auga maksimalt finn eg likevel ut at røyndommen er som eg frykta: Innhaldet av faktisk trøffelsopp i boksen er minimalt.
Ja, for her er sopp: Kvit og brun sjampinjong og svart trompetsopp (ein slektning av kantarellen) utgjer til saman 4 prosent av ostemassen. Til trøffelen, derimot, har ikkje Mondelez funne plass til meir enn 0,07 prosent.
Så får vi ta oss tid til å spørje oss sjølve: Trøffel er ei særs potent råvare som har masse aroma i seg sjølv, men òg ekstraordinær evne til å heve smakar han har kring seg. Kor mykje trøffel treng vi eigentleg? Kanskje er 0,07 prosent nok?
Kven er dyrast?
Kva seier andre produsentar av produkt som er smaksett med trøffel? Hjå oljeimportøren Oliviers & Co finn eg ein trøffelkrem med parmesan som kanskje burde heitt parmesankrem med trøffel. Her er det iallfall brukt 31 prosent parmesan og 2 prosent trøffel.
Men 2 prosent er jo framleis veldig mykje meir enn 0,07 prosent. Over 28 gonger meir, om vi skal vere nøyaktige. For det er rett og slett ikkje til å kome unna at 0,07 prosent er heilt utruleg lite: I ein 150 grams boks som den Philadelphia brukar til den såkalla trøffelosten, utgjer det om lag 0,1 gram.
Om du et heile boksen i ei smelling, får du med andre ord i deg ein trøffelbit så liten at du måtte sperre opp auga att om du skulle sjå han. Og om du lurte: Så potent er sjølv ikkje den svarte trøffelen. Ei vanleg porsjonering av fersk trøffel er om lag fem gram per person.
På Coopen min denne dagen er Philadelphia Trøffel 30 prosent dyrare enn den nest dyraste Philadelphia-varianten. Han kostar 43 kroner for 150 gram. Det er det ingen grunn til å spandere. Skal du bruke pengar på trøffel, så gjer det i staden skikkeleg:
Hjå delikatessebutikken Gutta på Haugen i Oslo kostar svart trøffel 25 kroner per gram. Det kan jo verke dyrt – heilt til vi samanliknar det med trøffelprisen i Philadelphia-osten: Når vi for dei 43 kronene får 0,1 gram trøffel, gjev jo det ein pris per gram på 430 kroner.
Den sikraste måten å ete trøffel på er framleis å kjøpe trøffel.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Oppbretta brok i bratta
«Å bretta er i grunnen ‘å gjera bratt’, og i norrønt hadde bretta just tydinga ‘reisa opp, reisa seg’.»
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.