JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Mellommåltid

Det er ikkje storleiken det kjem an på her heller. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sjokolade, kjeks eller sunt mellommåltid? Det er ikkje alltid så lett å sjå frå utsida, diverre.

Foto: Pxhere.com

4128
20240301
4128
20240301

På sitt beste er mat fellesskap og tradisjon, gode minne og samhald. Men mat er òg drivstoff. Energi vi er nøydde til å få i oss for å kunne halde fram gjennom dagen. No er det sjeldan vi her i Noreg er heilt avhengige av å få i oss mat, for elles klarar vi rett og slett ikkje meir, men likevel kan det kjennast slik iblant, kan det ikkje?

Og kva er det vi tyr til då? Ofte det vi har for handa, rett og slett. Om det no måtte vere ei attgløymd skive i matpakken frå i går, ein kjeks, ein næringsbar eller – jubel og fryd – ein sjokolade.

Etter at den verste svolten er døyvd, kan dei ulike produkta gje temmeleg ulikt samvit. Gleda ved sjokoladen kan såleis vere kortvarig, medan kjeksa og næringsbaren kjem stegvis bitte litt høgare opp på samvitsskalaen. Men er det naudsynt? Lat oss gjere ei aldri så lita samanlikning av tre vanlege mellommåltid: ein Kvikk Lunsj, ein Bixit havrekjeks med sjokolade – og produktet som er spesiallaga for nett slike situasjonar: ein Mellombar.

Masse av noko

Ein Mellombar er ein produktserie frå EMV-merkevara Eldorado, med andre ord å få kjøpt i dei fleste av butikkane til Norgesgruppen. Mellombar finst i heile ni ulike variantar – vi skal ikkje gå inn på alle her, men trekke fram ein av dei som framstår som sunnast: Mellombar med havre og nøtter.

Produktet vert marknadsført med 96 kaloriar per bar. Om vi derimot reknar kaloriar per 100 gram, slik vi vanlegvis gjer, endar vi på 414 kaloriar. Dette er noko lågare enn havrekjeksa og sjokoladen, men ikkje avskrekkande mykje lågare: Bixit inneheld 480 kaloriar, medan Kvikk Lunsj ligg oppe på 545. Det syner oss at vi her har å gjere med temmeleg næringstette produkt.

Næring handlar jo om mange små greier: jarn og D-vitamin og kopar og slikt som vi må ha litt av for å halde oss friske. Men sidan alt dette ikkje får plass på ei næringsoversikt på ein matpakke, måler vi i kvardagen næringsinnhald og god helse i nokre få storleikar: protein, fiber, feitt, karbohydrat og sukkerartar. Her vil vi helst ha mykje protein og fiber og så lite som mogleg av feitt og sukkerartar.

Også her er Mellombar litt betre enn Kvikk Lunsj og Bixit: Alle variantane har proteininnhald mellom 8 og 9 gram per 100, men Mellombar har mest. Kvikk Lunsj har lite fiber, berre 2,4 gram, men også Mellombarens 4,4 gram er godt under fibernivået i kneippbrød.

«Det er ikkje alt vi klarar å fange opp i ei forenkla oversikt over næringsinnhald.»

Søtt lureri

Så var det resten av karbohydrata – og i dag er det her det vert ekstra komplisert. Både Kvikk Lunsj og Bixit har nemleg høgare tal for sukkerartar enn Mellombar – 30 gram for Bixit, 44,5 gram for Kvikk Lunsj og 21 gram for Mellombar.

Likevel ville eg, dersom eg skulle velje berre på sukkerinnhald, velje vekk Mellombar. Årsaka er at medan dei to andre produkta er søta med sukker, er det i Mellombar brukt glukose/fruktose-sirup.

Dette produktet kjenner vi kanskje betre under det engelske namnet: high fructose corn sirup. Kanskje kjenner vi det då som ekstra ultraprosessert, ekstra uforståeleg og ekstra helseskadeleg – og kanskje kan det syne seg å stemme. Ei rekke undersøkingar syner iallfall at glukose/fruktose-sirupen, som har høgare del fruktose i høve til glukose enn tradisjonelt kvitt sukker, har lettare for å legge seg kring indre organ og lettare for å gje diabetes enn andre former for søtingsstoff.

Med andre ord er det ikkje alt vi klarar å fange opp i ei forenkla oversikt over næringsinnhald. Men om vi løftar blikket att: Hovudpoenget mitt med å samanlikne desse tre produkta er ikkje valet av sukkerstoff, men korleis vi ser på dei.

Ja, kjeks er litt meir usunt enn næringsbar, og sjokolade endå litt meir usunt enn kjeks igjen. Men skilnaden er faktisk ikkje særleg stor – i det minste ikkje like stor som skilnaden på haldningane våre til dei tre produkta: Medan Mellombar er ein sjølvsagd del av ein matboks, både til liten og til stor, ville Kvikk Lunsj eller Bixit vore like sjølvsagt utenkelege.

Like utenkeleg som Mellombar burde vore. Godteri er godteri uansett kva det heiter.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis