«Må vi avskrive fiskegrateng som fullverdig fiskemåltid?»
Tredjepart: Denne tallerkenen høver kanskje til inndelinga av måltidet i protein og grønt, men det skal halde hardt å nå målsettinga for fiskeinnhald.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Er ikkje det at vi et så lite fisk, den tåpelegaste sida av norsk kosthald? Eg meiner, her bur vi, rett ved matfatet – sju av ti nordmenn bur under ei mil frå saltvatn – og så klarer vi ikkje å få i oss meir enn kring 23 kilo fisk og sjømat i året. Det er under to middagar i veka, det.
Om vi skal tru det vi sjølve seier til meiningsmålingane, er det ikkje fordi vi ikkje vil. Sju av ti av oss seier vi gjerne skulle ete meir frå havet. Så kvifor gjer vi det ikkje?
Fordi det er dyrt, får vi høyre. Det stemmer litt: Fiskekvotane har gått ned dei siste åra for fleire viktige fiskeslag, og med det har prisane gått noko opp. Men ikkje like mykje som pris i butikk. Om vi verkeleg vil, har dei aller fleste av oss råd til litt fleire fiskemiddagar enn vi et i dag. Men – og dette er eit stort men: Det hjelper lite om dei fiskemiddagane vi kjøper, ikkje inneheld noko særleg fisk i det heile.
Grateng i tre former
Bergensverksemda Lerøy Seafood Group har sidan 1899 vakse seg til eit verdsleiande sjømatselskap, ifylgje dei sjølve. Ja, dei kallar seg rett og slett «den norske sjømatpioneren». At dei er verdsleiande, inneber sjølvsagt at dei sender massevis av sjømat ut i verda, men dei lagar også produkt for den norske privathushaldsmarknaden.
Mellom anna lagar dei tre ulike fiskegratengar. «Familiens fiskegrateng» kjem i pakning på 1000 gram, medan «Ekte norsk fiskegrateng» og «Godt kjøp fiskegrateng» er noko mindre utgåver. Alle tre er tydeleg merkte med «Selvfølgelig norsk torsk» og «Laget i Lofoten».
Vi har ingen grunn til å tvile på at det stemmer. Det vi derimot skal sette spørsmålsteikn ved, er mengda norsk torsk som har fått lov å kome opp i Lerøys fiskegratengar. Mest er det i gratengen med namnet «Ekte norsk» – men sjølv den inneheld ikkje meir enn 30 prosent fisk. Familieutgåva har ikkje blitt tilgodesett med meir enn 25 prosent, medan det gode kjøpet ikkje gjer kjøparen fortent til meir enn 20 prosent fisk i fiskegratengen.
Kan det då reknast som ein fiskemiddag? Kor mykje fiskegrateng må vi i så fall ete?
I meste laget
Dei nye kosthaldsråda seier at vi bør ete 300–450 gram fisk i veka. Eg synest 300 er altfor lite, og legg meg i øvre sjikt her. Matprat.no definerer éin porsjon reinskoren fisk som 200 gram. Det høver bra – om eg et litt fiskepålegg i tillegg, kjem eg då i mål med to fiskemiddagar i veka.
Det vil seie, dersom eg skal få i meg 200 gram fisk frå «Familiens fiskegrateng», må eg ete 80 prosent av heile forma. Altså 800 gram fiskegrateng, utan noko attåt. Det skal halde hardt, kjenner eg.
Om eg i staden går for den såkalla «Ekte norsk fiskegrateng», kjem eg unna med å ete 660 gram. Men sidan han kjem i pakningar på 540 gram, kjem eg litt til kort. «Godt kjøp» er berre å gløyme: Med sine usle 20 prosent fisk ville eg då måtta ete eit heilt kilo. Det er to og ei halv form (à 390 gram), det. Så glad er sjølv ikkje eg i fiskegrateng.
Vil det seie at vi må avskrive fiskegrateng som fullverdig fiskemåltid? Nei, det er vel verken realistisk eller ønskeleg – vi får heller seie at vi har fått oss ein vekkar. Og heldigvis finst det eit meir fiskerikt alternativ: Lofotens «Hjemmelaget fiskegrateng» inneheld 50 prosent norsk torsk. Det vil seie at forma på 420 gram er berre pitte litt for lita – dersom vi et ho heilt aleine, vel å merke. Og det er vel ikkje heilt realistisk, det heller.
Vel, litt fisk får vi no i oss – og meir om vi vel Lofoten enn om vi vel Lerøy. Men kva så når vi kjem til kassen? Fiskegratengen til Lofoten er over tre gonger så dyr som familiegratengen til Lerøy – 219 mot 60 kroner per kilo.
Det er stor skilnad. Lat oss rekne det om til pris på fisk: Om vi ser føre oss at torsken er det einaste du betaler for, kostar han deg 0,44 kroner per gram om du kjøper han i ein fiskegrateng frå Lofoten, og 0,24 gram om fiskegratengen er frå Lerøy.
Dette trass i at det – ifylgje dei sjølve – dreier seg om same fisken. Lofottorsk. Det er litt rart. Er det dyrare å putte mykje fisk i fiskegratengen enn å putte mindre fisk i fiskegratengen? Det får vere haustens mysterium. Kven er eigentleg ærleg når dei seier dei vil hjelpe nordmenn med å få i seg meir fisk i kvardagen?
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.
Foto: Lise Åserud / NTB
Språkfag i spel
Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.
I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Om Gud og lausriving
Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.