JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Kosthaldsråd

Det einaste som er heilt sikkert, er at vitskapen framleis slit med å finne ut kva som er sunt og ikkje. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fisk og sjokolade: Vi veit kva som er sunnast. Likevel fann Folkehelseinstituttet i 2016 at born et meir sjokolade enn fisk.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

4214
20240607
4214
20240607

Ei av mange oppgåver Helsedirektoratet har, er å gje oss nordmenn råd om kva vi bør ete og drikke, og i kva mengder vi bør gjere det. Det kan ikkje vere lett: Kva bør stå i slike kosthaldsråd? Kor omfattande bør dei vere for å vere sannferdige, men framleis ikkje så kompliserte at dei ikkje vert lesne? Kor konkrete bør råda vere for å femne om alle, men ikkje bomme på sanninga?

I framlegget til nye kosthaldsråd – som nyleg var på høyring og truleg vert vedtekne over sommaren – vert det mellom anna tilrådd å ete opptil eitt egg om dagen. Grunngjevinga for det rådet er at «Høyere inntak av egg (mer enn ett egg om dagen) kan øke totalkolesterol i serum og ratio mellom LDL- og HDL-kolesterol, men det er usikkerhet i dataene».

Og det er det sanneleg: Samstundes som eg les dette, dumpar det eit e-brev ned i innboksen min frå eit bransjenyhendebrev eg abonnerer på – med presentasjon av ein hjartestudie der personar med høg risiko for hjarte- og karsjukdommar åt tolv egg i veka utan å få høgare kolesterol. Dei næringsrike egga synte seg tvert om i mange teikn på betre hjartehelse.

«Korleis ville rekneskapen sett ut om alle berre åt filet?»

Slik er det over heile linja. Det er rett og slett temmeleg lett å kritisere Helsedirektoratet for å gje både for konkrete og for lite konkrete kosthaldsråd, å ta for mykje og for lite omsyn til forsking – og så bortetter.

Kanskje for mykje

Til dømes seier dei nye kosthaldsråda at ein bør ete soya og tofu heller enn raudt kjøt, og margarin heller enn smør. Grunnlaget er at for høgt inntak av raudt kjøt fører til høgare risiko for tarmkreft, og smør er eit metta feitt assosiert med hjarte- og karsjukdommar. Men dei nemner ikkje at både soya og margarin har ein balanse mellom feittsyrene omega 3 og omega 6 som forsking har indikert kan endre kjensla av å vere mett og gje kroppen meir inflammasjonar.

På same måte opnar dei for plantedrikkar som alternativ til meieriprodukt – følgd av: «Velg plantedrikker som er tilsatt kalsium, jod og vitamin B12». Samstundes finst det ein velkjend og lengelevande ernæringsteori med namnet the food matrix som stadig tydelegare finn at å ete næringsstoff som er tilsette, ikkje gjev den same helseeffekten som å få dei same næringsstoffa naturleg i eit næringsmiddel.

«Mat er meir enn summen av næringsmidla», seier ein gjerne i denne forskingstråden, som særleg har fokusert på nettopp meieriprodukt. I fleire høve har ein funne at heilfeite, fermenterte meieriprodukt har helsegevinstar ein ikkje oppnår ved å ete dei same næringsstoffa i meir fragmenterte samanhengar.

Kosthaldsråda gjev tilrådingar med utgangspunkt i klima- og miljøbelastning. Samstundes gjev dei råd som å velje pålegg av kyllingfilet heller enn pølse og andre tilarbeidde kjøtprodukt – utan å reflektere over at å kunne tilarbeide noko til pølser og ferdigmat er ein effektiv måte å nytte heile dyret på. Korleis ville rekneskapen sett ut om alle berre åt filet?

Det som ikkje står

Og kva med det som ikkje står der? Tilsetningsstoff er ikkje nemnde med eitt ord i kosthaldsråda, sjølv om det er her eg trur folk flest stussar mest på kva som er sunt og ikkje.

Det einaste vi er (så å seie) heilt samde om i ernæringsverda, er vel at reint, kvitt sukker i seg sjølv er skadeleg – og ikkje har andre positive helseeffektar enn rask energitilgang. Likevel får vi ikkje talfesta råd for maksinntak utover at det «bør begrenses» og «av og til, i små mengder».

Sjølv om kosthaldsråda anerkjenner at mat er ein del av kultur og tradisjon, gjev dei ingen råd for korleis vi skal halde på dette – og reflekterer heller ikkje over kva som må seiast å vere den store matovergangen det siste dryge hundreåret: den enormt lette tilgangen vi med eitt har fått på skikkeleg næringstett mat. Til alle døgnets tider er det berre å røre bankkortet ved ein automat, så kjem det ut «mat» som etter berre fire–fem tugger har gjeve oss ein fjerdedel av det kaloriinntaket vi treng på ein dag.

Er det ikkje her vi verkeleg treng rettleiing: Korleis skal vi halde oss sunne og friske i ei verd som druknar oss i usunn overflod?

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis