JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Klimagodkjend kyllingproduksjon?

At nett kyllingbransjen har byrja å måle klimapåverknaden sin, er ikkje så rart. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein kylling. Verken meir eller mindre. Men det er kanskje ikkje det same?

Foto: Cornelius Poppe / NTB

4339
20240202
4339
20240202

Er kylling på veg å verte favorittkjøtet til det norske folk? Statistikken kan tyde på det. Forbruket av svinekjøt er framleis høgast, med 20 kilo i snitt per person per år i 2022, men svineetinga har vore temmeleg stabil gjennom heile 2000-talet. Vi byrja med drygt 18 kilo per år i 2000 og nådde ein topp på 21 kilo i 2021, ifylgje Animalia. Inntaket av fjørfekjøt, derimot, har i det same tidsrommet auka jamt og bratt: Medan vi i år 2000 ikkje åt meir enn 6,4 kilo fjørfe i året, var vi i 2022 oppe i 15,7 kilo per person per år.

Er det godt nytt for klimaet? Vel, med måten vi reknar klimabelasting på, vert det umogleg for noko anna animalsk produkt å oppnå lågare utslepp per produksjonseining enn det kyllingen får.

Årsaka er temmeleg enkel: Om ein jamfører einmaga kyllingar med firemaga drøvtyggjarar, er kyllingen ein mange gonger meir effektiv fôromdannar. Grisen er òg einmaga, men han er større. Kyllingen treng eit mykje kortare liv for å verte slaktemoden, så kort at det godt kompenserer for den låge slaktevekta.

Med andre ord er det ikkje rart at kyllingprodusentane er fyrst ute blant kjøtleverandørane med å klimamerke produkta sine. Aller fyrst ute er Jæren-baserte Den Stolte Hane. Ifylgje pakning og nettside har klimaavtrykket frå deira kyllingproduksjon vorte målt og sertifisert av organisasjonen Carbon Trust.

«Det som ikkje er så bra, er at denne skilnaden ikkje er særleg godt spesifisert på merkelappen.»

Liste utan bakgrunn

Men kva inneber eigentleg dette? Klimaavtrykket – altså kor mange CO2-einingar som har gått med for å produsere ei eining av produktet – er ikkje trykt på pakken. Her er ein QR-kode, og når eg skannar den, kjem eg til ei nettside der eg kan trykke på «Klimaavtrykket på våre produkter». Der finn eg ei liste over CO2-ekvivalentar per kilo for alle produkta til Den Stolte Hane: Kyllinglår 3 kg ligg på 4,15 CO2-ekvivalentar per kilo produkt, Kyllingfilet stekt & skivet er derimot oppe i 5,09, medan Kylling vingemiks naturell er nede i 1,95.

Kva kjem desse svingingane mellom produkta av? Kor mykje eg enn klikkar meg rundt på nettsidene til Den Stolte Hane, kjem eg ikkje nærare noko svar på det spørsmålet. På sida «Klimaberegning frå fôr til bord» får eg vite at metoden som er brukt i utrekninga, er spesialtilpassa til Den Stolte Hane og eigaren, det europeiske kyllingkonglomeratet Scandi Standard, og at alle livssyklusstadium frå og med dyrking av fôr til og med detaljhandel og sal er inkluderte. Eg les at nett fôrproduksjon er den største utsleppskjelda, men ikkje kor stor del, og ikkje kvifor.

Kvifor ikkje? Det var jo akkurat her det kunne byrje å verte spanande – ikkje berre kvifor skilnaden er så stor innanfor dei ulike produkta, men òg kva som skil Den Stolte Hane frå andre norske kyllingprodusentar. Den Stolte Hane nyttar til dømes framleis soyabønner i produksjonen sin og forsvarer det med at soya er den mest effektive – og difor den mest klimavenlege – måten å dyrke protein på. Ein annan norsk kyllingprodusent, Stange, nyttar derimot ikkje soya i fôret i det heile. Dei prioriterer heller norske råvarer. Der kunne vi ha byrja ein diskusjon kring kva det gjorde med klimaavtrykket, og kvifor og korleis vi måler slikt i det heile.

Ikkje godkjent

Vel. Inntil vidare er det klimaavtrykket til Den Stolte Hane vi har å halde oss til, og merkinga av denne vi skal felle ein dom over. Då må vi stadfeste fylgjande: Dette er inga godkjenning, men ei stadfesting av kva nivå utsleppa til Den Stolte Hane ligg på for tida.

Og det, på si side, er bra: Det kan ikkje vere opp til verken Den Stolte Hane eller Carbon Trust å avgjere kva som skal til for å kunne kalle ein kyllingproduksjon «klimagodkjend». Den oppgåva må demokratiet ta seg av. Men det som ikkje er så bra, er at denne skilnaden ikkje er særleg godt spesifisert på merkelappen.

Når eg ser «Sertifisert», tenker iallfall eg nærast automatisk «godkjend». Godkjend klimakylling, med andre ord. Men det er jo ikkje det eg kjøper. Og kvifor ikkje berre føre opp klimaavtrykket på pakningen, i staden for ein QR-kode? Det er nesten så ein kan byrje å lure på om Den Stolte Hane er meir opptekne av at dei har fått gjort ei klimautrekning, enn kva resultatet av ho var. 

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Kristin Vinje.

Kristin Vinje.

Foto: NOKUT

Ordskifte

Nokut alene kan ikke sjekke alle detaljer

Jeg har tillit til at de aller fleste studenter er redelige og gjør sitt eget arbeid på en skikkelig måte, skriv Kristin Vinje.

KristinVinje

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis