Aserbajdsjan
Tida trugar Den raude landsbyen
På 1800-talet meinte russiske etnografar at fjelljødesamfunnet stamma frå patriarkane i det første tempelet i Jerusalem, før det vart lagt i grus av kongen i Babylon.
Ernest frå Brooklyn følgjer jødisk skikk og besøkjer landsbyen tre gonger før sørgjetida etter tantas bortgang er over.
Alle foto: Helge Øgrim
Ein kvardag i juni er landsbyen nesten like stille som Risør ein laurdag i oktober. Då eg ein varm dag møtte 22 år gamle Ernest frå Brooklyn, stod han i ei gruppe med om lag 20 menn på fortauet i hovudgata i landsbyen. Eg spurde kva dei gjorde på, og som eg trudde, var ei gravferd i gang. Han fortalde at tanta hans var død, ho blei 56 år. Ernest bad meg om ikkje å fotografere dei sørgjande.
Seinare same dagen møtte eg han ved gangbrua over elva til den muslimske nabobyen Quba. Kvinnene i familien var samla til gravferdsmåltid i ein ny bygning. Forsamlingslokalet er bygt med gåver frå velståande fjelljødar.
Hos tanta om somrane
Ernest er fødd i Moskva. Om somrane i oppveksten var han hos tanta i landsbyen, fjelljøde som han. No følgjer han jødisk skikk og møter opp i gravferda. Amerikanaren kjem att om ei veke og endå ein gong når det har gått 40 dagar sidan tanta døydde. Sørgjetida varer i eitt år.
Den openhjartige amerikanaren studerte økonomi ved Stony Brook-universitetet og arbeider frå heimekontoret i eit lite finansselskap. Spontant fortel han at davidsstjerna er gøymd under T-skjorta. Han dreg ho fram for å vise meg, og seier at mange er sinte for tida, men det verkar som han meiner heime i USA, ikkje her.
– Det er mange aktivistar som ikkje hadde høyrt om Palestina for tre år sidan. Dei har sett på TikTok og seier at Israel drep born, men dei veit ikkje korleis krigen tok til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.