Kommentar

Noreg overlèt KI-politikken til EU

Kunstig intelligens endrar den digitale verda dramatisk, men norske politikarar har knapt diskutert KI i valkampen. I staden overlèt dei ansvaret til EU.

  

Kunstig intelligens er lett tilgjengeleg, men kor godt blir han regulert?
Publisert Sist oppdatert

Kunstig intelligens (KI) har ikkje vore eit tema i valkampen i 2025. Det har gått snart tre år sidan ChatGPT kom ut, og verda er tilsynelatande stort sett den same. Men medan den fysiske verda held seg uendra, er den digitale verda midt i ein periode med dramatiske omveltingar.

KI grip inn i alt frå korleis me finn informasjon på nett, til korleis studentar lærer – og set samtidig yrkesgrupper som journalistar, omsetjarar og designarar under press. I EU har kunstig intelligens vore eit spent tema, og utforminga av EUs KI-forordning har vore prega av debatt og dragkamp mellom pengesterke teknologiselskap og sivilsamfunnsorganisasjonar. I Noreg, derimot, har KI knapt vore eit politisk tema i det heile.

Norden seier ukritisk ja

Det er ikkje noko nytt. Allereie før ChatGPT kom ut i 2022, hadde Noreg og dei andre nordiske landa ei ukritisk tilnærming til KI, og overlét ansvaret for å handtere og regulere utfordringane til EU.

«Så godt som alle politikarar i Norden seier ja til kunstig intelligens. Men den politiske styringa bak utviklinga er svak. Kunstig intelligens vert framstilt som løysinga på dei fleste problem», seier samfunnsforskar Frans af Malmborg til nettavisa digi.no.

I doktoravhandlinga si frå i fjor ved Universitetet i Agder studerte han diskursen og politikken rundt KI i EU og Norden frå 2016 til 2022. Det gjennomgåande funnet er at KI vert sett på som eit gode – noko ein treng meir av.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement