Klarar vi verkeleg ikkje å kutte salaten vår sjølv?
Lag på lag med luft mellom: Dette er både det som gjer salaten god – og det som gjev han nokre utfordringar.
Foto: Pxhere.com
Det nye året er i full gang med kvardagane sine, og daglegvarekjedene byrjar dei på mest føreseielege vis: med priskutt på det Kiwi kallar «sunne(re) vaner». Minst 20 prosent priskutt i fem veker skal hjelpe deg til eit lettare sjølv. Blant varene dei har valt ut, er salatposar frå Grønn & Frisk: Fram til februar skal oppkutta salat i alle variantar koste ein tjuekroning, noko som faktisk er om lag halvparten av det tilsvarande posar kostar hjå Oda.
Og kva er vel betre å byrje den andre helga i eit nytt år med enn ein stor, grøn, herleg, sunn, miljøvenleg, vegetarisk – ja, beint fram uslåeleg – salat? Kiwi har vel rett her: Salat må vere det mest ukontroversielle vi kan både dyrke og ete, må det ikkje det?
Ja, må det det? Det er heilt riktig heilt umogleg å seie at salat – definert som planteslekta i korgplantefamilien, ikkje som retten som kan innehalde alt frå biff til majones – er usunt. Ifylgje Matvaretabellen inneheld ein isbergsalat om lag ingenting feitt, men derimot både fiber, folat, A-vitamin, kalium og jern.
Men. Isbergsalaten inneheld berre halvparten så mykje jern som same mengda rå brokkoli. Innhaldet av protein er godt under ein tidel av det vi finn i kokte brune bønner, og det er over 50 gonger så mange gode karbohydrat i 100 gram havregryn som i 100 gram isbergsalat.
«Det er heilt umogleg å seie at salat er usunt.»
Kort levetid
Salat er rett og slett ikkje særleg næringstett. Samstundes er det temmeleg komplisert å produsere: Det som gjer salatblad sprø og lette og friske i salatblandinga di, er nemleg akkurat det som gjer salaten til eit lett bytte for alt frå insekt og sopp til rote og tørke alt medan han framleis står i jorda (eller det sterile vekstmediet i drivhuset). Så fort salaten er hausta, byrjar kampen for å få han fram til oss forbrukarar før han rotnar, visnar eller vert øydelagd på andre måtar. Alt dette gjer salat til ei meir energikrevjande vare enn vi gjerne tenkjer over.
Misforstå meg rett no: Eg sit ikkje her og skriv eller meiner at eg eller du eller nokon skal slutte å ete salat. Eg trur berre det kan vere lurt av oss å tenkje litt over kva slags salat vi et. Og om posane med den ferdig oppkutta salaten Kiwi no vil selje oss, verkeleg er det sunnaste valet.
Kor kjem denne salaten frå, eigentleg? Det burde vere ein enkel stad å starte, men er ikkje noko produsenten Bama kan eller vil opplyse oss om: «Vi bruker alltid norske råvarer når vi kan. Hvis vi ikke har tilgang på norske råvarer, bruker vi råvarer dyrket i Europa», står det på pakningen med Isberg Mix.
Europa er ganske stort. Det er nok ganske mange isbergsalatprodusentar der ute. Likevel klarer produsenten av heil isbergsalat å merke kvart enkelt salathovud med produsentnamn.
Blindpassasjerar
Det er altså mogleg. Men kvifor skal vi vite kor salaten kjem frå? Fyrst og fremst for enkel sporing om noko går gale. Om nokon vert sjuke av produktet, til dømes. Og slikt skjer faktisk med salat iblant. For som vi var inne på: Når vi har å gjere med eit skjørt produkt som fort vert dårleg, og som attpåtil ikkje toler noka form for varmebehandling, så kan det skje som skjedde med minst 50 personar i Noreg i fjor – dei fekk salmonella, mest truleg av ein ladning alfalfaspirer.
Alfalfaspirer er jo ikkje salat, men utfordringane er dei same som for den ferdigkutta salaten: Det er små einingar med stor overflate som igjen gjev stort rom for at det kan gøyme seg uønskte bakteriar eller noko liknande uhumskt der inne.
Endå ein gong må du misforstå meg rett. Stort sett går det bra. Ferdigkutta salat hadde ikkje vore lov å selje om han var farleg. Men det er ikkje til å kome unna at å kutte salat, blande han og pakke han i posar inneber fleire operasjonar enn å selje han heil. Og for kvar operasjon aukar risikoen for smitte og ureining – i tillegg til at den nye forma produktet tar, gjer det mindre motstandsdyktig.
Spørsmålet vert då om vi eigentleg treng å ta den risikoen. Om ikkje heile salatar er like greitt. Sjølv no får vi trass alt ein heil isbergsalat på bortimot ein halvkilo for om lag same pris som eit kvart kilo kutta isbergsalat ispedd litt gulrot og raudkål. Minst like sunt, minst like billeg – også utan noko såkalla priskutt.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.