Samtalen
– Nobelpris i farleg farvatn
Venezuela-kjennar Vegard Bye meiner Nobelkomiteen har gjort eit både dårleg og merkeleg val.
Den venezuelanske opposisjonspolitikaren Maria Corina Machado får Nobels fredspris for 2025 for arbeidet med å sikre demokratiske rettar for folket i Venezuela, og for kampen for ein rettferdig og fredeleg overgang frå diktatur til folkestyre, grunngjev Nobelkomiteen.
Foto: Ariana Cubillos / AP / NTB
Fredsprisen til venezuelanske Maria Corina Machado overraska mange. Venezuela-kjennar Vegard Bye, som førre veke sa til Klassekampen at det var «en fortjent fredspris til en modig og prinsipiell fredelig demokratiforsvarer», åtvarar no om at tildelinga også kan ende med å verte eit mareritt for Nobelkomiteen.
– Kva har fått deg til å snu?
– Eg har ikkje snudd. Eg gratulerte Machado med prisen for at ho spelte ei viktig demokratisk rolle under presidentvalet i fjor. Personleg meiner eg også det er bra med søkjelys på situasjonen i Venezuela. Når det er sagt, finst det mange andre kandidatar som betre kunne symbolisert demokratisk kamp i eit autokratisk regime, og ser ein grundigare på rolla Machado har spela både før og etter valkampen i fjor, så har Nobelkomiteen gjort eit både dårleg og merkeleg val.
– Er det noko ved grunngjevinga for prisen du ikkje meiner står seg?
– Hadde dei sett grundigare på rolla hennar tilbake på 2000-talet, då ho var til stades i presidentpalasset til støtte for kupp-president Pedro Carmona, som prøvde å ta makta i 2002, så er det klart at ho har vore viljug til å setje demokratiske spelereglar til sides. Det var ingen tvil om den konstitusjonelle og legitime rolla til Hugo Chávez som president då, og kuppet vart fordømt av nesten heile det internasjonale samfunnet. Seinare har ho også vore lite viljug til dialog for å løyse krisa i Venezuela. Noreg har vore involvert i ein dialogprosess mellom regimet og opposisjonen i mange år, og Machado har ikkje delteke i den.
– Kva rolle hadde ho i kuppet i 2002?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.