Krig
I Ukraina kjem hausten med nye utfordringar
Dersom Ukraina var ein menneskekropp, ville jernbanenettet heilt klart vore ryggrada i den kroppen. Takka vere jernbana har vi greidd å halde oss oppreiste. Våpen og ammunisjon frå samarbeidspartnarane våre i Europa blir frakta med tog rett til fronten.
Eit bomba tog på stasjonen Sjostka i Sumy-regionen i Ukraina 4. oktober 2025. Russland har trappa opp åtaka på toga og må ha gitt opp å ta over dei ukrainske jernbanene, fortel Andrej Kurkov.
Foto: Redningstenesta i Ukraina / Reuters / NTB
Kvar dag bruker utanlandske politikarar og delegasjonar jernbana for å komme seg inn i Ukraina frå Polen. Ettersom vi ikkje har innanlandske flyruter, varer desse VIP-gjestingane lenger, men det inneber òg at høgtståande utanlandske gjester forstår situasjonen i landet betre.
Men det viktigaste er kanskje at jernbanenettet vårt i snitt transporterer 100.000 vanlege menneske kvar einaste dag.
Gjennom dei siste tre og eit halvt åra har jernbanenettet i Ukraina vore utsett for åtak frå russiske missil og dronar, men fram til for kort tid sidan var desse åtaka sporadiske og tilfeldige. Ein skulle tru det russiske flyvåpenet, som har ansvaret for å angripe Ukraina med missil og kryssarrakettar, kvar dag opna ein tilfeldig vald konvolutt som inneheldt informasjon om måla for det neste åtaket. Ein dag kunne det stå «jernbanestasjonen i Kramatorsk» på lappen i konvolutten, neste dag kunne det vere «jernbaneknutepunktet i Karpatane» eller «jernbanedepotet i Poltava».
Den andre moglege forklaringa på denne vilkårlege framferda vil vere at fienden ikkje hadde som mål å øydeleggje jernbanenettet i Ukraina. Kanskje fordi russarane hadde planar om å bruke jernbana til eigne militære formål. Når Ukraina var nedkjempa, hadde russarane tenkt å transportere hæren sin med tog til grensene til EU. Derfrå ville ikkje desse toga kunne komme vidare fordi den sovjetiske jernbana ikkje har same sporbreidd som den europeiske.
Den aukande intensiteten i bombinga av jernbaneinfrastrukturen i Ukraina den siste tida tyder på at Russland har innsett at dei ikkje vil greie å erobre landet eller nytte denne infrastrukturen.
Dei siste dagane har den russiske militærkommandoen derfor tydelegvis utarbeidd ein meir sofistikert åtaksplan som inneber at heile jernbaneinfrastrukturen i Nord- og Aust-Ukraina har hamna på lista over hovudmål for dei daglege missil- og droneåtaka.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.