Kommentar
Tryggingspolitisk lineskifte
Den europeiske unionen er no den einaste stormakta i verda som forsvarar rettsstaten.
Sjølv om venskapen mellom Trump og Putin viser seg å vere kortvarig, vil verda ikkje vende tilbake i gamle spor, skriv Torbjørn L. Knutsen.
Foto: Julia Demaree Nikhinson / AP / NTB
Norden er innskriven i ein storpolitisk trekant med Russland i aust, Storbritannia i vest og stormaktene på kontinentet i sør. Dette skreiv Rudolf Kjellén for godt over hundre år sidan. Dette trekantperspektivet har i alle år vore eit utgangspunkt for norsk tryggingspolitikk.
Etter den andre verdskrigen fekk det si kjende, slitesterke form: Som vern mot eit trugande Russland må Noreg søkje tryggleik hjå dei demokratiske maktene i vest. Dette vart ikkje berre ei tryggingspolitisk linje, men ei førestilling om oss sjølve. Vesten stod for fridom, eigedom og rettsstat, aust for makt, tvang og autoritet.
Slik har det vore i meir enn åtti år. Men då Donald Trump og James D. Vance flytta inn i Det kvite huset, vart denne ordninga skaka. Når Trump og Vance vil vere vener med Putin, då forsvinn motsetnaden mellom aust og vest. USA er ikkje lenger garantist for liberale demokrati ute i verda, men seg sjølv nok. Ein nasjonalistisk, sjølvhevdande organisme. Den største av dei alle.
I ei slik verd kan det vere nyttig å sjå nærare på Kjellén. Men ein lyt halde tunga rett i munnen.
Statsvitar og geograf
Johan Rudolf Kjellén (1864–1922) var professor i geografi og statsvitskap. Han utvikla nye felt som økopolitikk og geopolitikk. Dei er båe til stades i den mest vidgjetne boka hans: Staten som lifsform (1916). Her skildra han staten som ein organisme som kunne vekse, visne og døy. Staten treng ressursar, skreiv han – jord, vatn, menneske og institusjonar. Og han må samle folket kring eit felles føremål; han må skipe det Kjellén kalla ein folkeheim. Denne folkeheimen treng tilførsel av energi for å leve og vekse. Og om ressursane ikkje finst heime, så kan dei skaffast ute, gjennom handel eller erobring.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.