Tryggingspolitikk
Kven er sterkast i Europa?
I sommar sa vestlege militærleiarar at Russland «kan vere klar» til å angripe Nato om få år. Betyr det at styrkebalansen i Europa har svinga i favør av russarane?

Det er langt tilbake til slutten av den kalde krigen, då George H.W. Bush og Margaret Thatcher tala om ei «fredsavkasting». Det handla om at pengar som tidlegare gjekk til våpenkappløpet mellom aust og vest, kunne gå til andre viktige ting.
I ein tale i september 1991 sa Bush:
– No kan det sovjetiske folket og leiarane deira legge frå seg den tunge børa av farleg og kostbart atomvåpenarsenal, som har truga verdsfreden i dei siste 50 åra. Dei kan no slutte seg til oss i desse dramatiske stega mot ei ny verd av fred og tryggleik.
I talen nemnde han ein «ambisiøs plan (…) om å kutte dei amerikanske forsvarsutgiftene med 25 prosent».
Ifølge tal frå det svenske fredsforskingsinstituttet Sipri brukte USA 6,5 prosent av bruttonasjonalprodukt (BNP) på forsvar i 1985. I 1995 brukte landet 3,86 prosent. I same perioden fall tala i Storbritannia frå 5,3 prosent av BNP til 2,9 prosent.
Ein offentleggjord CIA-rapport frå 1987 anslo at Sovjetunionen brukte om lag 15 prosent av BNP på forsvar under den kalde krigen. Sipri anslår at Russland i 1995 brukte 3,8 prosent av BNP på forsvar.
Kva har denne nedprioriteringa av militæret gått ut på, og korleis har styrkebalansen i Europa endra seg etter den kalde krigen?
Kollaps
I Russland opplevde militæret nærast ein kollaps som følge av oppløysinga av den sovjetiske hæren, skildra fargerikt av William E. Odom i opninga av boka The Collapse of the Soviet Military: «I løpet av berre seks år smelta verdas største og potensielt mektigaste militære bort som vårisen i dei arktiske elvane i Russland når han bryt opp, driv av stad i flak og sakte forsvinn. Den sovjetiske hæren vart ikkje øydelagd av invaderande styrkar. Han prøvde ikkje å gripe den politiske makta frå eit kommunistparti og ein sovjetiske stat som var i ferd med å gå i oppløysing, ikkje eingong som eit desperat sjølvbergingsforsøk. Heller ikkje starta han ein krig for å samle folket om det truga regimet. Sjølv om dei sat på verdas største arsenal av kjernevåpen, kom det ingen trugsmål om å bruke dei. I staden gjekk dei sovjetiske væpna styrkane, klagande, men passivt, inn på historias skraphaug – for å bruke Trotskijs uttrykk.»
Etter oppløysinga av Sovjetsamveldet leid det russiske militæret under to tiår med underfinansiering, forklarar Ståle Ulriksen, forskar og lærar ved Sjøkrigsskulen. Strategiske atomvåpen var unntaket, legg han til. Så, frå rundt 2006–2007, byrja ting å snu.
– Russarane tok til å bygge seg sakte opp. Dei bygde opp ein hær som minner om hæren me hadde i Noreg og andre Nato-land på den tida, beståande av styrkar som var små, sjølvforsynte på det meste og i stand til å handtere små konfliktar, seier Ulriksen.
– Dette heldt fram til rundt 2014. Då byrja russarane å bygge opp mykje større avdelingar, meinte for storkrig, med store korps på opp mot 30.000, 40.000 og 50.000 mann og 600 stridsvogner. Dei byrja også å bygge fleire skip, nye fly og så vidare.
Kutt, kutt, kutt
I Vest-Europa etter den kalde krigen har det ikkje vore nokon tilsvarande kollaps, men det har vore fleire rundar med kraftige kutt på dei fleste område. I Nupi-rapporten «Stormaktenes militærmakt» (2023), la Ulriksen fram tal på utviklinga i militærutstyr for utvalde land. Som figur 1 nedanfor syner, har kutta vore store.

Ulriksen forklarar at kutta heng saman med at europeiske styrkar vart bygde om til å bli eit innsatsforsvar, utforma til utanlandsoperasjonar, ikkje storkrig.
– Ein har også sett at styrkeforholdet mellom europeiske land har endra seg. Før hadde Tyskland ein dominerande panservognstyrke. I 1990 hadde dei cirka 5000, medan franskmennene berre hadde litt over 1300. No har dei omtrent like mange.
– Ettersom både russarane og europearane har vore gjennom kutt og nedrusting, tyder det at styrkebalansen ikkje har endra seg så dramatisk?
– Jo, han har endra seg dramatisk i europeisk favør, ettersom russarane stod meir aleine. Om ein legg saman alt det europeiske militærutstyret opp mot Russland sitt, og berre ser på tala, så er dei europeiske tala mykje høgare. Men då går ein utifrå at me kan sjå på europearane som ei eining. Dersom det vert ein storkrig, og alle har kutta militæret inn til beinet, kor mykje kan europearane då støtte kvarande? Kor mykje tør du sende ut av landet om du har nok til deg sjølv?
Styrkebalansen i dag
Ekspansjonen til Nato inn i Aust-Europa er den største endringa i styrkebalansen i Europa etter den kalde krigen. Russarane har protestert og klaga på brotne lovnadar, men utan suksess. I 2008 erklærte Nato at dei skulle byrje prosessen med gjere Ukraina og Georgia klare til å bli medlemmar av alliansen. Putin har sagt at ukrainsk Nato-medlemskap er ei raud linje for Russland.

Styrkebalansen mellom land og blokker er ikkje alltid slik han ser ut. Før 24. februar 2022 var dei fleste overtydde om at russarane med eit storskalaangrep på Ukraina ville oppnå måla sine på relativt kort tid. Det viste seg å ikkje vere tilfelle. Styrkebalansen var annleis enn ein trudde.
I 2022 svinga frontlina dramatisk, noko som fôra spekulasjonar om kven som kunne og ville sigre. Sidan har konflikten utvikla seg til ein utmattingskrig. Russland gjer gradvise framsteg, medan Ukraina slit med mannskapsmangel og i aukande grad angrip mål langt inne på russisk territorium.
Europearane sitt arbeid for å halde USA i Nato-alliansen har vorte ein viktig del av krigen. For å gjere Trump nøgd gjekk Nato-landa, med unntak av Spania, med på å bruke 5 prosent av BNP på forsvar.
Europa skal ruste opp, i utgangspunktet for å blidgjere president Trump, men også for å styrke eiga evna til å støtte Ukraina.

I sommar fekk denne europeiske opprustinga ein ny dimensjon, då fleire europeiske militære leiarar i juni og juli sa at Russland «kan vere klar» til å angripe Nato innan nokre år. Ein fransk general og generalsekretæren i Nato, Mark Rutte, har sagt det er snakk om fem år, den tyske forsvarssjefen meinte det er snakk om fire, og den polske statsministeren har sagt det er snakk om ein mogleg konfrontasjon innan 2027.
Putin har kalla uroa for eit russisk angrep på Nato «tullprat».
Medan diskusjonen fram til no hovudsakleg har handla om i kva grad Russland kan vinne krigen i Ukraina, opnar påstandane til vestlege militærleiarar nye spørsmål: Er styrkebalansen i Europa i ferd med å endre seg i Russlands favør? Er russarane sterke nok til å angripe Nato?
Berg-og-dal-bane
Akkurat desse spørsmåla har Wien-avdelinga til den tyske Friedrich Ebert-stiftinga (FES) prøvd å svare på. FES er den eldste politiske stiftinga i Tyskland, har band til det sosialdemokratiske partiet i Tyskland (SPD) og er oppkalla etter Tysklands sosialdemokratiske president frå 1919 til 1925.
Dei har laga ei oversikt der dei visualiserer styrkeforholdet mellom Nato og Russland anno 2023. Simon Weiss, som har jobba med dette, forklarar motivasjonen bak prosjektet til Dag og Tid:
– Det starta med inntrykket vårt av at debatten hadde byrja å miste fotfestet i fakta. Debatten var sterkt prega av kjensler og ulike tal, så me ønskte å gjere kompleks informasjon om militære kapasitetar synleg og tilgjengeleg for allmenta.
Weiss meiner tolkingane våre av Russland og styrkeforholdet mellom Nato og Russland har vorte prega av informasjonskrigen som rasar i Europa.
– Eg likar å bruke denne metaforen: me er i ein berg-og-dal-bane som går mellom undervurdering og overvurdering av Russland. Når me undervurderer, ser me på prestasjonen deira på slagmarka i Ukraina og seier: «Sjå på desse folka, dei køyrer jo til fronten på elsparkesyklar.» Samstundes overvurderer me den russiske militærstyrken når det gjeld den samla militære evna deira og konfronterande intensjonar overfor Nato.
Europa er sterkt
Oversikta til FES, med tal frå 2023, syner at Nato med USA er sterkare enn Russland. Ho syner òg at Nato utan USA har meir utstyr enn Russland i dei fleste kategoriane. Figur 2 viser nokre av tala frå FES.

– Det mest overraskande for oss, trur eg, var at når det gjeld desse seks hovudkategoriane av militært utstyr, så er sjølv enkeltgrupper av land i Europa ikkje så forsvarslause som folk gjerne vil ha det til. Påstanden «utan USA er Europa heilt fortapt» stemmer ikkje, seier Weiss.
– Dette er viktig når det gjeld kva råd me bør gje til politikarar. Med denne informasjonen kan me gå og seie: «Folkens, de treng ikkje skunde dykk med å kjøpe alle mogleg våpen no med ein gong. De har tid til å førebu dykk og ta gjennomtenkte avgjerder.»
Weiss peiker på at medan Europa ikkje ligg dårleg an når det gjeld utstyr i alle kategoriar, har dei eit «koordineringsproblem», som mellom anna handlar om interoperabilitet og koordinering av våpenproduksjon. Tala syner at Europa spesielt treng luftvern.
Weiss legg vekt på at militærtrugsmål har to sider, kapasitet og vilje, men at FES fokuserte på kapasitetar i prosjektet i staden for å spekulere rundt intensjonane til Russland.
Krigsspor
På spørsmål om det er vilje eller kapasitet det er snakk om når europeiske leiarar talar om at Russland kan kome til å angripe Nato, svarar Ulriksen at det er litt begge delar.
– Dei fleste legg nok til grunn at dersom krigen i Ukraina stoppar, vil Russland trenge berre tre til fem år på å bygge seg opp att til eit nivå der dei er i stand til å gjere det, med den farten forsvarsindustrien deira har i dag.
Ein rapport frå i år frå Royal United Services Institute, ein britisk tenketank med fokus på forsvar, synte at Russland klarte å produsere meir militærmateriell enn Nato i perioden 2022–2024, trass i «vesentlege forsøk i nokre Nato-land på å styrke forsvarsproduksjonen».
– Mange meiner at Russland no har kome inn på eit spor det er vanskeleg å kome seg ut av. Samfunnet er gira opp til å støtte krigen. Det er så mange som tener mykje pengar på å halde fram, at det kan bli vanskeleg å bryte ut av dette sporet.
Ulriksen legg vekt på at retorikken i Russland framstiller Vesten som eit trugsmål.
Statisk bilete
Når det gjeld kapasiteten til å angripe, seier Ulriksen at tala frå FES gjev eit bilete av kapasitetar, men at det er eit statisk bilete som går glipp av mykje.
– Oversikta syner kor mykje utstyr ein har på papiret, men ikkje kor mykje som er tilgjengeleg og kampklart, eller kor mange flygarar og teknikarar ein har til å drifte utstyret. Når det gjeld russiske ubåtar, til dømes, er det stor forskjell på kor mange dei har på papiret, og kor mange som faktisk fungerer.
I krigen i Ukraina har det nesten ikkje vore luftkrig. I ein krig mellom Russland og Nato ville det vore heilt annleis, forklarar Ulriksen. Han seier at når det gjeld flyvåpen, er vestlege land vesentleg sterkare enn Russland, både i tal og teknologi.
Ulriksen seier at FES-oversikta får godt fram at Europa manglar luftvern. I tillegg meiner han at det er eit ope spørsmål om Nato-landa i Europa har eit «tankesett» som gjer oss klare til å ta krigen om han måtte kome.
Weiss svarar at den kvantitative og kvalitative samanlikninga mellom Nato og Russland syner at Russland har mindre, eldre og meir tungt brukt utstyr enn Nato i nesten alle utstyrskategoriane. Han viser til ei utsegn frå Natos generalsekretær Mark Rutte på onsdag, då Rutte sa at Natos militære er «uendeleg mykje betre enn det russiske», og at flyvåpenet til russarane er mykje dårlegare enn Nato sitt.
Ukraina er sterkt
– Eit russisk angrep på Nato er noko anna enn eit angrep på Ukraina. Så når dei seier at...
– Nei, men stopp litt der. Det er det alle seier. Men gå inn og sjå på kva Nato faktisk har. Til dømes tala på stridsvogner i europeiske Nato. Meir enn 2000 av dei er greske eller tyrkiske og gamle og dårlege, seier Ulriksen.
– Ukraina hadde 250.000 til 300.000 i hæren sin då krigen byrja. Den tyske hæren i dag er på 60.000–70.000. Den britiske òg. Ukraina har no over 1 million mann under våpen. 120 brigadar. Når ein seier at Nato er noko heilt anna enn Ukraina, så tek ein for gjeve at Ukraina var svakt, og det var det ikkje i det heile teke. Dei hadde hatt heile perioden sidan 2014 til å bygge seg opp. Om amerikanarane er mest opptekne av Kina, noko dei kjem til å vere, så kan europearane måtte handtere dette aleine. Det er ikkje sikkert det er så lett.
Artikkel 5?
– Éin ting er at det finst manglar i europeiske land, men om Russland går til angrep på eit Nato-land, er det ikkje berre Storbritannia eller Tyskland dei må kjempe mot. Det er Storbritannia, Tyskland, Frankrike, Italia, Spania og alle dei andre.
– Ja, men du må lese heile artikkel 5. Det som står i artikkel 5, er at eit angrep på eit Nato-land er eit angrep på alle. Men det er opp til kvart enkelt medlemsland å velje kva det vil bidra med for å hjelpe den som vert angripen. Då kan det jo hende at nokre vel å sende sjukepleiarar, seier Ulriksen.
– Trur du verkeleg det er mogleg?
– Nja, altså... I 2023 plukka den republikanske senatoren Rand Paul, som er skeptisk til at USA skal ta på seg eit stort ansvar i verda, Natos artikkel 5 frå kvarandre i Senatet. Det har ikkje vore diskutert før. No som ein byrjar å diskutere det, innser ein plutseleg: «OK, amerikanarane er kanskje ikkje så forplikta som me trudde.»
Alle i Noreg trur det er ein automatikk i artikkel 5, seier Ulriksen.
Amerikanarane eller britane treng ikkje noko Nato-vedtak for å forsvare Noreg dersom me vert angripne. Det gjer dei av seg sjølve – om dei vil.
– Så har ein slike som Viktor Orbán, som kan legge ned veto, ettersom Nato-avgjerder krev allmenn semje. Sjølv om Orbán legg ned veto, speler ikkje nødvendigvis det noka stor rolle. For oss har artikkel 5 fått ei overdriven betydning. Amerikanarane eller britane treng ikkje noko Nato-vedtak for å forsvare Noreg dersom me vert angripne. Det gjer dei av seg sjølve – om dei vil.
– Dersom eit Nato-land vert angripe, er det vel ikkje slik at politikarar i kvart enkelt medlemsland set seg ned for å ha lange diskusjonar om kor stort bidraget deira skal vere. Nato har vel ein felles militær kommandostruktur som tek avgjerder på vegner av fleire?
– Jo, men det gjeld dei styrkane som er sette av til Nato til kvar tid. Det er opp til kvart enkelt land å velje kor store styrkar dei vil legge inn i Nato-kommandoen. Kommandostrukturen var mykje større før. Under den kalde krigen hadde Nato både ein kommandostruktur og ein styrkestruktur. No er det berre kommandostrukturen som er der, medan styrkestrukturen stort sett er nasjonal.
London mot Tallinn?
Faren for krig i Europa har òg ein kjernefysisk dimensjon. Nato-medlemmane Storbritannia og Frankrike har atomvåpen. Det skapar ein stor risiko for Russland om dei vurderer eit angrep på Nato, med eller utan USA i Nato.
Vil britane byte London for Tallinn, spør Ulriksen. Han peiker med det på at det ikkje er sikkert at britane eller franskmennene er viljuge til å risikere atomkrig med Russland for å forsvare landområde i Baltikum.
Den andre sida av spørsmålet er om russarane er viljuge til å risikere atomkrig for å ta delar av Baltikum.
Bak desse vonde spørsmåla ligg det grunnleggande spørsmålet om Russland i det heile teke har ambisjonar om å angripe Nato-land.
Samhald
Ulriksen meiner at om Nato held saman, vil russarane truleg ikkje prøve på noko. Samstundes seier han at russarane kan teste samhaldet i Nato utan å gå til direkte krig, ved å «lage masse bråk utan å invadere», slik dei gjorde i Aust-Ukraina etter 2014.
– Eg trur veldig mykje av russisk politikk dei siste 15 åra har handla om å støtte parti i Europa som er mot Nato og mot EU.
På den andre sida har USA støtta sivilsamfunn i Aust-Europa som jobbar for Nato- og EU-medlemskap.
Ulriksen legg vekt på at polarisering har store tryggingspolitiske ringverknadar.
– Noko som er svært viktig å hugse, er at god tryggingspolitikk i dag handlar om å unngå polarisering. Du kan sjå deg rundt i Europa i dag og telje kor mange land som ikkje er prega av ganske tung polarisering. Det er eit problem. Det gjer oss sårbare for hybrid krigføring.
Sjølvmord
Simon Weiss er skeptisk til påstandar om fare for eit russisk åtak på Nato.
– Eg trur Putin, inst inne, forstår at den såkalla «spesielle militæroperasjonen» i Ukraina var ein fiasko, at han bygde på ei undervurdering av den ukrainske militærstyrken. Og me snakkar her berre om Ukraina.
Å gå til angrep på Nato-territorium, om det er i Baltikum, Finland, Noreg eller eit annan Nato-land, ville frå eit militært synspunkt dermed vore sjølvmord for Russland, seier Weiss.
– For sjølv om Russland skulle vinne territorium i Baltikum, ville reaksjonen frå Nato, med konvensjonelle våpen, vore katastrofal for Russland. Så spørsmålet er om konflikten då ville ende med bruk av atomvåpen, om russarane såg på situasjonen som eit eksistensiell trugsmål mot dei. Det er altså mange risikofaktorar her, mange ukjende variablar. Ut frå det eg har høyrt frå Putin og andre når dei snakkar offentleg, er at dei kvar gong tek avstand frå slike påstandar om russiske planar mot Nato.
Weiss seier at Russland har styrkt våpenproduksjonen, og at dei har klart å skalere opp produksjonen av dronar svært raskt, men at dei samstundes mistar mykje våpen og utstyr i Ukraina.
– Dei prøver å vinne krigen i Ukraina. Det er hovudfokuset deira.
Opprustingsskatt
Når land er usikre på styrkebalansen mellom seg sjølv og motstandarar, er opprusting eit ofte brukt tiltak. At det gjer ein tryggare, er ikkje alltid gjeve. Når avskrekkande opprusting vert møtt med avskrekkande opprusting, er ikkje resultatet alltid tryggleik.
Spørsmålet er om resultatet av gjensidig opprusting fører til ein stabil styrkebalanse som partane kan leve med, sjølv om dei ikkje likar han, eller ein ustabil situasjon der éin eller begge partar meiner dei er tente med å prøve å endre balansen.
Uavhengig av resultatet er opprustingskappløp dyre. Ein får det stikk motsette av ei «fredsavkasting». Ein får ein «opprustingsskatt». Den skatten er det lettare for somme land å betale enn andre. I den samanhengen er Noreg eit uvanleg land i Europa, seier Simon Weiss.
– Noreg er eit svært uvanleg land når det gjeld statsfinansar. Det er eit rikt land. Det er noko heilt anna for land som Hellas, Spania, Ungarn, Tsjekkia, Frankrike, ja, til og med Tyskland, som har mindre økonomisk handlingsrom, å bruke meir pengar på forsvar.