Reportasje
Ein heim i vest
DEL 7: Endeleg finn eg eit menneske som kan svare på spørsmålet: Kvifor er norskamerikanarar så norske?
Pastor og skogmann Dale Goodman og kona Susan ved heimen sin i Decorah. Ja, dette er byen kronprins Haakon vitja førre veke. Heller ikkje frå studio i Dagsrevyen klarte dei å uttale stadnamnet riktig – de-kåå-ra.
Foto: Hallgeir Opedal
Vi er i Decorah i Iowa, og namnet skal uttalast de-kåå-ra, ikkje dekk-å-ra som Vetle og eg ville sagt. Ja, shame on us, men det er ingen konsekvens i amerikansk uttale, eller engelsk i det heile. Det finst tusenvis av døme på manglande samsvar mellom skriftspråk og uttale, og berre for å nemne eit bitte lite eksempel:
Alle er einige om at det heiter Houston, Texas, altså som i h’just’n, we have problem.
I 2010 budde eg på eit hotell nede i Houston Street i New York. Eg sette meg inn i ein taxi og sa til sjåføren at eg skulle til h’justen striit. Han lo rått, og taxisjåførar på Manhattan er illgjetne for å vere ufine, han snudde seg, og sa HAO’ STEN. Med utestemme.
I New York heiter altså Houston haosten.
Slikt må ein berre lære seg.
Eit geologisk mirakel
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.