Biodynamisk jordbruk: Det kan høyrast skummelt ut, men handlar kanskje mest om at ting skal gå i ring.
Vindruer på garden til vinmakaren Nicolas Joly som driv biodynamisk. Her er ei marihøne som kryp på druene.
Foto: Berit Keilen / NTB
Visste du at det går føre seg eit hundreårsjubileum i verdas matproduksjon for tida? Nei, at det biodynamiske jordbruket feirar hundre år, får nok ikkje særleg mykje merksemd verken i medium eller i næringa som heilskap.
Like fullt er det altså i 2024 eitt hundreår sidan ei gruppe bønder som var uroa over auken i førekomsten av sjukdommar og resistens blant både planter og dyr, tok med seg uroa si til den austerrikske filosofen Rudolf Steiner – best kjend som grunnleggar av antroposofien og waldorfpedagogikken som ligg til grunn for steinerskulane.
Men Steiner interesserte seg i høgste grad også for jordbruk, og han svara raskt og omfattande: Alt same året presenterte han ei rekke på åtte føredrag som saman utgjorde ein heilskapleg dyrkingspraksis sentrert om krinslaupa i naturen. Føredraga vart seinare publiserte som «Landbrukskursa» og er framleis retningslinjene biodynamiske bønder driv etter den dag i dag.
Rudolf Steiner sjølv døydde alt året etter og fekk såleis ikkje med seg at dei fyrste formelle standardane for det biodynamiske jordbruket vart lanserte i 1928.
Rudolf Steiner (1861–1925) var ein austerriksk filosof og Goethe-forskar.
Foto: DPA / SCANPIX / NTB
Ein gardsorganisme
Demeter-standarden er framleis reglane biodynamikarar vert målte etter. Dei kallar det sjølv «den strengaste forma for økologisk jordbruk». I Noreg vert biodynamiske gardar sertifiserte etter det økologiske Debio-regelverket, med tilleggskrav for å tilfredsstille Demeter-sertifiseringa.
Demeter skil seg frå Debio ved mellom anna å stille krav til «en helhetlig metode der hele gården sees på som en gårdsorganisme». Såkorn og frø skal vere av openpollinerte sortar – hybridsortar som ikkje kan avlast vidare på, kan med andre ord ikkje nyttast.
Gjødsel skal i størst mogleg grad kome frå garden sjølv, og mengda tilført nitrogen skal i alle fall ikkje vere større enn den mengda garden sjølv kunne produsere ved fôrproduksjon og dyrehald. I utgangspunktet skal alle biodynamiske gardar halde husdyr – for slik best mogleg å kunne gjennomføre krinslaupstankegangen. Garden skal «tilstrebe å være så selvforsynt med fôr som mulig». Antibiotika skal berre nyttast i naudsfall og i samråd med veterinær.
Så langt er vi likevel godt innanfor det vi kan kalle tradisjonell og anerkjent agronomi. Om du knyter noko til biodynamisk jordbruk, er det mykje truleg at det har noko å gjere med punktet eg kjem til no: dei homeopatiske preparata.
Slike preparat vert produserte på kvar gard ved at særlege plantedelar, husdyrgjødsel og bergkrystall eller kvarts vert kombinerte med dyreorgan og fermentert i matjord. Når dette så vert grave opp att, vert stoffet som er skapt, brukt på matjord og kompost i homeopatiske mengder – mellom 0,5 og 30 gram per dekar.
Alternativt? Produkt frå biodynamisk jordbruk er litt annleis, men det har vi kanskje berre godt av.
Foto via Wikimedia Commons
Skadefritt
Det kan gå an å le av at bønder grev ned kuhorn og trur det påverkar avlinga deira, på same måte som det er lett å gjere narr av den måne- og planetstyrte såkalenderen som biodynamiske bønder følger. Men før du gjer det, synest eg du skal besøke ein biodynamisk bonde – og ikkje minst smake og leve av og med produkta som vert produserte på garden.
Å drive biodynamisk er ikkje for alle. Det er arbeidskrevjande, og det krev ei sterk tru på det ein held på med. Kanskje er det ei viktig årsak til at eg enno har til gode å treffe ein dårleg biodynamisk bonde. Det er i så fall og uansett underordna.
For det som betyr noko, er jo for det fyrste at verken preparata eller det å så og hauste etter månefasar skadar nokon eller noko som helst. For det andre at biodynamiske bønder i regelen får heilt fantastiske resultat av teknikkane dei brukar.
Nei, kanskje er ikkje avlingane like høge som i det konvensjonelle jordbruket, men så reknar heller ikkje avlingstala med ein einaste mykorrhiza-sopp eller ei einaste humusoppbyggande celle i jorda, ein einaste sommarfugl eller ei einaste lukkeleg beitande ku. Ikkje eingong (miljø)kostnadane ved transport av gjødsel og fôr vert rekna med i dei avlingstala.
Eg vert ingen biodynamisk bonde, men eg trur vi har godt av at dei finst. Hurra for mangfaldet, og til alle biodynamikarar der ute: til lukke med jubileet.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø