Leiar

Trist lesnad om Bygde-Noreg

Kalvåg hamn på Frøya i Bremanger.
Publisert

Telemarksforsking har kome med ein ny rapport om mangelen på arbeidskraft i kommunane fram til 2050. Fleire enn 100 distriktskommunar kan få over 25 prosent færre sysselsette i 2050. Tendensen er klar: Utkantkommunane er taparar og vil få det langt vanskelegare enn dei alt har det i dag.

Distriktskommunar må førebu seg på store omstillingar med endå fleire eldre og stadig færre sysselsette i kommunen. Kommunar som Kåfjord, Etnedal, Osen, Lødingen, Bremanger, Engerdal, Berlevåg, Hattfjelldal, Stor-Elvdal og Røst kan alle få ein nedgang i talet på sysselsette på over 42 prosent, nokre av dei over 50 prosent. Det er dramatisk.

Temaet er ikkje nytt. Det er kome ei mengd stortingsmeldingar om distriktspolitikk og utfordringane for Bygde-Noreg. Og endå fleire bøker. Det er Oslo som ligger avsides av Torild Skard, Framtid for bygdene! av Åsmund Berthelsen, Hva skjer i Nord-Norge? av Ottar Brox og så bortetter.

Og skal ein tru partiprogramma, er den politiske viljen til å halda på levande bygder nærast samstemt. Ap lovar å «styrke tiltak som bidrar til å sikre bosetting i hele landet». Høgre har eit eige kapittel i partiprogrammet med tittelen «Levande lokalsamfunn i heile landet». Tittelen på Sp sitt program er «Nær folk i heile Noreg».

Men år for år går det i feil retning. Årsakene til sentraliseringa er samansette og særs krevjande å snu. Det eine tiltaket er avhengig av det andre. Men no er det ropa eit nytt varsku. Som Knut S. Vareide, medforfattar av studien til Telemarksforsking, sa til NRK: «Vi vart overraska av kor sterk nedgangen i sysselsettinga vert i distrikta.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement