Kommentar

Under Macrons paraply

Europa kan segle inn i ein ny tryggingspolitisk æra på ein fransk atomubåt.
Det kan ikkje gå gale, eller?

Publisert Sist oppdatert

Europeisk strategisk autonomi tek mange former. Ei er fransk og heiter dissuasion avancée, framskoten avskrekking. Konseptet vart presentert av den franske presidenten Emmanuel Macron på marinebasen Île Longue i Bretagne sist veke. «I ei farleg og usikker verd må ein vere frykta for å vere fri», sa Macron. Presidenten tok til orde for eit strategisk, europeisk samarbeid om atomvåpen under fransk overherredøme.

I ei tid der frykt, krig og mistillit set dagsordenen for internasjonalt samarbeid, treffer den franske presidenten tonen. Han kunngjorde at både Tyskland, Storbritannia, Nederland, Belgia, Polen, Hellas, Danmark og Sverige er interesserte i å vere med. Noreg står førebels utanfor.

Utanriksminister Espen Barth Eide grunngav det sist veke med at vi må ta diskusjonen her heime først. Aftenposten og VG har alt konkludert på leiarplass med at Noreg bør med. Macrons atomparaply kan framstå som eit tilbod det er umogleg å seie nei til. Likevel er det gode grunnar til å gjere nettopp det.

Opprusting

Kva er det eigentleg Macron tilbyr? I talen på marinebasen presiserte presidenten at atomparaplyen ikkje er eit brot med Nato eller USA, men eit tillegg. Men Frankrikes kjernefysiske våpen er i ein annan kategori enn dei britiske. Storbritannias atomvåpen er tett samanvovne med det amerikanske, både teknisk og logistisk. Det franske kjernefysiske våpenarsenalet er autonomt. All operativ kontroll er fransk.

Slik skal det også vere framover, presiserte Macron. Det blir ingen fleire hender som får tilgang til den franske atomknappen. Når Macrons paraply skal dekkje større område, må våpenarsenalet oppgraderast. Utanrikspolitisk er Macrons initiativ sterkt og tydeleg. Samstundes har saka ei fransk, innanrikspolitisk side. Macron signaliserer at her står ein sterk og initiativrik europeisk statsmann, sjølv om 70 prosent av franskmenn seier dei er misnøgde med den jobben han gjer som president.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement