JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Straff for synd

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Girolamo Frascatoro (1483–1553) skreiv eit dikt om gjetaren Syphilis.

3309
20211217
3309
20211217

Syfilis fanst ikkje i antikken og i mellomalderen. Då sjukdomen dukka opp i Europa på 1500-talet, var han ny og ukjend. Og han spreidde seg fort.

Det er omdiskutert kvar han kom frå. Rådande lære er at han kom frå Amerika. I 1492 kom Columbus og skipa hans til dei karibiske øyane. Sjøfolka hans hadde seksuell omgang med innfødde kvinner, som då hadde sjukdommen. Mange har sett dette som ein raffinerte hemn for europeiske overgrep på det nye kontinentet.

Sjøfolka tok sjukdommen med seg heim. Nokre av dei vart leigesoldatar i krigen rundt Napoli eit par år seinare. Og der viste syfilisen seg for alvor i Europa. I starten var han akutt, og mange døydde straks.

Den svenske vitskapshistorikaren Nils Uddenberg skriv om dette i boka si om medisinens historie.

Etter kvart fekk sjukdommen eit meir ordna mønster. Første fase var sår på kjønnsorgana. Dei grodde, før det dukka opp store sår og feber. Det gjekk også over, før langtidsverknaden kom, gjerne etter fleire tiår. Sjukdmmen kunne gå til åtak på sentralnervesystemet, hjernen og ryggmergen. Det kunne medføre mental sjukdom og lammingar.

Henrik Ibsen gjorde verdslitteratur ut av dette, i Gengangere. Ved eit utsvevande liv hadde kammerherre Alving pådrege seg syfilis, som gjekk i arv til sonen Osvald. Fedresyndene heimsøkte borna. Syndestraffa gjekk i generasjonane.

Legane var rådlause. Første svaret var standardsvaret: årelating. Etter kvart dukka det opp ei kvikksølvsalve som vart standardmiddelet. Ho var tidlegare brukt mot lepra og skabb.

Denne salva skapte eit livskraftig ordspråk: ei natt med Venus og eit heilt liv med Merkur. Venus var den romerske kjærleiksguden, medan Merkur var guden for kvikksølv. Han har gjeve namn til kvikksølvet, mercury, i det engelske språket.

Kvikksølv er svært giftig, og mange vart plaga med alvorleg kvikksølvforgifting.

Syfilis var komen til Europa for å slå seg til her. Når ikkje medisinen kunne hjelpe, måtte hjelp finnast andre stader. Ein gammal og velprøvd metode er å setje stygge namn på det vi sterkt mislikar. Så vart gjort her også. Etablerte fiendar fekk, gjennom språket, ansvaret for styggedommen.

Italienarane kalla sjukdommen franskesjuka.

Franskmennene kalla han napolitanske koppar.

Portugisarane kalla han den kastiljanske sjukdommen.

Indarar og arabarar kalla han den portugisiske sjukdommen.

Tyrkarane kalla han den kristne sjukdommen.

Dei kristne og persarane kalla han den tyrkiske sjukdommen.

Tyskarane kalla han fransosen, som vi i Skandinavia også gjorde.

Og russarane kalla han den polske sjukdommen.

Det galdt å skrive frå seg ansvaret for styggedommen, som på lumsk vis kunne la ein lettliva episode rasere eit heilt liv.

Ettersom sjukdommen tydelegvis var sjølvpåført, kom det inn sterke moralske føringar i omtalen. Mange meinte at sjukdommen var Guds rettvise straff for utvist sedløyse.

Og syfilis, dagens etablerte namn?

Italienaren Girolamo Frascastoro publiserte på 1500-talet diktet Syphilis sive morbus gallicus, «Syfilis eller den franske sjukdommen». Her fortel han om gjetaren Syphilis som fornærmar Apollon. Straffa for overgrepet er denne sjukdommen. Gjetaren gjorde noko han ikkje skulle ha gjort, og vart straffa for det.

Slik gav han namn til ein sjukdom som for all ettertid kom til å straffe lettferdige handlingar.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis