Frå matfatet

Fløytepudding

Fisk har sin pris. Han kan godt vere riktig. 

Dette er neppe det mest appetittvekkande du har sett. Men av og til må ein sjå ting slik dei er. Dette er surimi.
Publisert

Kva fiskemat bør vere tilgjengeleg i eit havland som Noreg? Kor bør vi hente han frå, og ikkje minst: Kva bør han koste?

Nyleg kom eg over kveitefilet i ein Spar-butikk på Vestlandet. Denne butikken er nokså velassortert, likevel vart eg overraska: Kvalitetsfisk er sjeldan vare. Fullt hakeslepp fekk eg likevel ikkje før eg såg prisen: Kveitefileten kosta 929 kroner per kilo.

I fryseskåpet lyste merkevara Vaag Lofoten, eit merkenamn eigd av Lerøy. Skåpet inneheldt i tillegg til kveite også sjøkrepshalar og kongekrabbebein – for dei som kan betale: Desse delikatessene hadde kosta meg 3699 og 3200 kroner per kilo. Då hjelper det ikkje at råstoffet er fiska «av lokale fiskere i sesong». Det er rett og slett for dyrt.

Men kan fisk også vere for billeg?

Kvardagspudding

Ein fløytepudding eg fann i den same Spar-butikken, kan tyde på det. Eller i det minste er det mykje feil med denne fløytepuddingen frå Fiskemannen. Og før du trur eg blandar saman skit og kanel her: Fløytepudding er, i denne samanhengen, ikkje ein dessert, men ein fiskepudding som inneheld ekte fløyte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement