Frå matfatet

Fiskekaker

Kaker som klarar det meste.

Når bestemor hamna på fabrikk: Då var det sving på fiskekakene, då.
Publisert Sist oppdatert

Fiskekaker kan openbart steikast i steikepanna og serverast med kokte poteter, raspa gulrot, steikt lauk og smelta smør. Men fiskekake kan også dekkast med ost som får smelte i panna og så kan heile sulamitten smellast inn mellom to burgarbrød, gjerne saman med litt sylta raudlauk, god salat og nokre tomatar. Ho kan ha ei rolle å spele i fredagstacoen, kan høve i matboksen og har så absolutt sin plass ved bålkosen der ho høver like godt på pinne som på rist. For ikkje å snakke om at fiskekaker er blant ytst få råstoff som toler både kvit og brun saus: fiskedelen av produktet snakkar til den kvite bechamel-sausen, medan kake-delen trivst i ein bruna smør- og mjølsaus.

Altså er det all grunn til å ta fiskekakene trygt i handa når vi no er på god veg inn i eit spanande 2026. Men sjå deg likevel om: Utvalet er stort, og ikkje alle fiskekaker er like trygge samarbeidspartnarar.

Lofot-Bergen

Den fyrste som lyt gå ut av rekka er diverre den koselegaste av dei alle: sjølvaste Madam Bergens fiskekaker får vere så hjarteforma og lokalpatriotiske dei vil – det hjelp ikkje når dei ikkje inneheld meir enn femti prosent fisk og ingrediens nummer to på lista er surimi.

Surimi er nemleg ein unødvendig omveg på fiskekakestien: Når ein lagar surimi vaskar ein fisk fri for smak, lukt, konsistens og særpreg. Det er surimi som vert til crabsticks, mellom anna, men fiskekaker treng ikkje smaklaus, gjennomprosessert fiskepasta som må ha syntetiske stabilisatorar for å henge saman – ekte fisk ordnar alt dette sjølv. Og, forresten: Madam Bergen Fiskekaker har ikkje vore laga i bergensområdet sidan 2023. Då gjekk fabrikken i Godvik konkurs, og produksjonen vart flytta til eigaren av merkevara - Lofotprodukt AS – sin eigen fabrikk i Leksvik i Lofoten.

Madam Bergen er ikkje aleine om å ryke ut på surimi-kortet. Hjå Rema 1000 ryk ein heil produsent: Eg kan ikkje nekte Gorines, produsenten bak merkevara Engerviks, å kalle fiskekakene deira for Bestemors, men eg kan påpeike at dei fleste bestemødre brukar meir enn femti prosent fisk i kakene sine – og dei brukar ved alle høve ikkje surimi, ikkje stabilisatorar med namn som difosfat og sorbitol.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement