Dyr
Ikkje berre ein hund
Hundar forstår kanskje oss menneske betre enn vi forstår dei. Målarstykke av Paul Eduard Maximilian Bürde (1874).
Illustrasjon via Wikimedia Commons
Då menneska i steinalderen tamde hunden, fekk dei eit stemmestyrt biologisk supervåpen, med alarmsystem, jaktmodus og eit rikt utval av sosiale ekstrafunksjonar. For menneska førte dette til grunnleggjande og varige endringar i både kultur og levekår.
Alle som har levd med hund i huset, veit at det er mykje selskap og trivsel med dette kameratskapet. Men med alle nære relasjonar følgjer også plikter, og som hundeeigar er ei av oppgåvene å vere med på ein tidleg rusletur kvar morgon. Vi menneske kan vere både trøytte og kaffitørste, men hunden er alltid like glad for å få letta blæra, ivrig etter å snuse nytt frå nabolaget og tydeleg nøgd med denne kvalitetstida saman med eigaren.
Det som skjedde for mange tusen år sidan, er skjult for oss av eit tett mørker der stader, personar og hendingar blir viska ut og forsvinn. Men om vi prøver å sjå 15.000 år tilbake i tid, til det tidlegaste europeiske morgongryet, og brukar dagens genetiske kunnskap som lyskastar, kan vi kanskje skimte to lett kjennelege skapningar, ein tobeint og ein firbeint, der dei er ute på den same morgonvandringa som vi.
Først
Det er vanleg å omtale hunden (Canis lupus familiaris) som menneskets beste ven, og det har lenge vore eit kjent faktum at hunden, med klar margin, var vårt første husdyr. Men nye arkeologiske utgravingar kombinert med grundige studiar av DNA viser at historia om oss og hunden faktisk kan vere både eldre og viktigare enn det vi har trudd til no.
For det første er det tydeleg at menneska var svært tidleg ute med å avle fram ein tam hund som hadde lite kontakt med dei nære forfedrane sine, ulvane. Skogane i det gamle Europa var fulle av alle slags ville dyr, ikkje berre ulv, men også villsvin og uroksar. Mange av husdyra para seg med dei ville frendane sine, noko som også syner seg i dagens arvemateriale. Slik var det ikkje med hundane, i deira genetiske dagbok frå dei siste 15.000 åra er det svært lite som tyder på seksuell utruskap med ulvar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.