Regjeringa har gjeve professor Marius Emberland i oppdrag «å utrede det rettslige handlingsrommet for å regulere flyktningers mulighet til å flytte mellom kommuner i større grad enn i dag».
Svaret han kom med sist veke, var tydeleg: «Det er min vurdering at staten har et reelt og vidtrekkende handlingsrom for å skjerpe reguleringen av flyktningers sekundærflytting mellom kommuner.»
Konklusjonen er viktig. Utfordringa er nemleg at for mange flyktningar flyttar til ein ny kommune utan at dei har ny jobb og kan brødfø seg sjølve. Då må dei leva på Nav, og tilflyttarkommunen får utgifter som dei ikkje får dekte av staten.
Dette skapar særleg problem for kommunar som har mange flyktningar frå før. For ein kommune kan takka nei til å busetja nye flyktningar, men kan ikkje avvisa dei som har budd i Noreg i fem år. Då må den nye kommunen i alle høve stilla opp – med barnehage, ekstra skuletilbod og ulike førebyggjande tiltak. Likevel kan resultatet, dersom mange flyktningar kjem til ein kommune, fort verta segregering og parallellsamfunn.
Det er klart det er krevjande for mange flyktningar som ynskjer å flytta frå Vik, Voss eller Valdres og ikkje få lov til å flytta til Oslo, Drammen eller Sarpsborg. Mange er kanskje einsame, føler at dei ikkje høyrer til på plassen dei har kome til, og har slekt andre stader i landet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.