Frå matfatet

Ferdigpasta

Stivelsen styrer showet i mikrobølgjepastaverda.

Italienarar likar pasta. Ikkje noko å seie på det. Men kva tenker dei om ferdigpastaane våre?
Italienarar likar pasta. Ikkje noko å seie på det. Men kva tenker dei om ferdigpastaane våre?
Publisert Sist oppdatert

Lat oss snakke om ferdig kokt pasta. Altså sånn du får kjøpt på butikken, med saus og alt, i ei mikrobølgjeomnvenleg plastskål med lokk som gjev deg ferdig middag på to til fem minutt. På min vesle lokale Kiwi finn eg sju ulike variantar berre i ferskvaredisken, så det er tydeleg at dette er noko vi er interesserte i. Men skal tru kva ein moderne italienar ville sagt?

Ja, for det er litt meir enn ein myte – og noko litt anna enn ein klisjé – at italienarar er nøye på pastaen sin. Tørka pasta til sitt bruk og sine sausar, fersk pasta til heilt annan bruk og andre sausar. Spagetti og tagliatelle må ikkje forvekslast – og då har vi ikkje eingong byrja snakka om koketider, som eg ser føre meg ville vere den verkeleg kritiske faktoren ved å koke og/eller varme opp pasta meir enn éin gong.

Pasta skal ha kjerne, seier italienarane, og det er lett å verte samd: Kokar ein pasta berre bitte litt for lenge, vert konsistensen grautaktig. Ikkje slik at ein kan ete han med skei, men konsistensen vert heilt jamn over det heile – som ein graut jo er, og som er noko av årsaka til at ein vert fort mett av å ete nettopp graut.

Vel. Italienarane kan ha så mange prinsipp dei vil, men korleis står det til med kvardagane?

Eg må ikkje leite lenge før overflata slår sprekkar. Tilbodskatalogen til italienske Lidl byrjar rett nok med Gorgonzola DOP, baccalà (tørrfisk), porchetta og artisjokkhjarte, men alt på side sju finn eg Chef Select Penne pomodorro e mozarella: frosen ferdigpasta med tomatsaus og ost.

Carbonarabotn

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement