JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Fare på ferde

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2360
20221125
2360
20221125

Nokre lever farlegare enn andre. Slike folk går inn i faresona med liv og lyst: Dei legg ut på farefulle ferder fordi dei likar spaning. Det er noko anna enn å ha ein rasfarleg skuleveg eller verta tvinga ut i helsefarleg arbeid. Sant å seia lurer det farar mange stader. Nokre av dei sprett fram når me anar fred og ingen fare. Andre farar er større enn dei verkar ved fyrste augnekast: «Det kan vera stor fare med lite fall.»

På klassisk nynorsk har fare forma fåre (jf. norr. fár ‘fiendskap, vreide; naud; skade, ulukke; svik’). Då rimar ordet på dåre, som i ordtaket «han er ingen dåre som ottast for ein fåre». Kan henda er det ikkje so farleg om me skriv ordet med a eller å. I båe tilfelle dreiar det seg om eit lån frå lågtysk. Nærskylde former er tysk Gefahr (‘fare’) og engelsk fear (‘otte, redsle’). Forferda og forfærd er òg i ætt med fare.

Til no har me halde oss i farefritt lende. Skyldskapen mellom dei nemnde orda er grei. Å seia noko om opphavet deira er alt anna enn ufarleg, for her er det tevlande teoriar og overhengande fare for mistak og strid. Me trassar faren og nemner éin av teoriane: at fare heng i hop med fiende og har grunntydinga ‘hat, fiendskap’. I dag nyttar me gjerne fare om ein «Tilstand hvori Skade let kan indtræffe», som Aasen seier det i Norsk Ordbog.

Stundom er det folk som er farlege (jf. «vera ein fare for seg sjølv og andre»). Dyr og naturkrefter kan òg skapa farlege situasjonar. Å gjera noko med elgfaren, flaumfaren og skogbrannfaren er ikkje berre berre, men det hjelper å vera merksam på faremomenta og vita korleis ein tolkar fareskilt og faresignal. Elles gjeld det å minka brannfaren, eksplosjonsfaren, kollisjonsfaren og smittefaren. Nokre reagerer farleg fort når dei ser folk i livsfare, og reddar dei med fare for sitt eige liv.

I utgangspunktet er det ingen fare med dei som taper i spel og sport. Dei kan trøysta seg med ei farleg god kake eller liknande. Men det høver bra å nytta fare om tevling og leik, jamvel om det sjeldan er fare for livet: «Dei står i fare for å rykkja ned i år.» «Ho er ein målfarleg spelar.» «Laget verkar faretrugande sterkt.» Elles veit me at «otten gjer faren større enn han er». Ottefulle Ludvig ser farar alle stader, og det hjelper lite å seia at faren er over.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis