JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Dronning i solnedgang

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den britiske dronning Elizabeth var monark i 70 år. Den eldste sonen, Charles, vart ny monark då 96-åringen døydde torsdag 8. september.

Foto: Hannah McKay / Reuters / NTB

3372
20220916
3372
20220916

Så er ho død. Dronninga. Og det skjer underlege ting framfor augo våre. Statsoverhovudet i ei fallert stormakt, som har vore på nedtur i heile hennar tid som statsoverhovud, møter i høg alder ein mild død. Og verda stoppar opp.

Det er vanskeleg å tenke seg noko anna dødsfall, på heile kloden, som kunne skape så mange og så sterke reaksjonar. Monarkiet er i prinsippet eit einevelde.

Det stod fram i historia ved at ein fyrste og ætta hans samla makta i sine hender og la dei andre og konkurrerande fyrstane under seg.

I Noreg var det Hårfagre-ætta som tok makta etter blodige oppgjer. Ladejarlen, den største konkurrenten, vart slegen. I Sverige tok Gustav Vasa makta til seg og si ætt. I Danmark vart det grevefeide og borgarkrig før makta var trygt plassert. Oppgjeret om kongen og hans makt vart blodig i England.

Sidan har det gått tilbake med monarkane og monarkia. Monarkane blir færre og færre.

Monarkiet er i strid med politisk tenking på våre kantar siste hundreåra. Makta skal liggje hos folket, ikkje gå i arv frå generasjon til generasjon, slik ho gjer i kongehusa.

Kravet om ei anna, republikansk, styreform, er reist med jamne mellomrom, til inga nytte. Monarkane og husa deira står sterkt. Dei nordeuropeiske kongehusa lever trygt i slotta sine.

Og dronning Elizabeth II av England kom så nær gudestatus som eit menneske kan kome.

Dei europeiske monarkia som har overlevd, har gjort det ved å gje avkall på makta og dermed berge posisjonen som konge eller dronning.

Ved eit konstitusjonelt monarki står kongen eller dronninga utanfor den daglege politiske striden og er monark for alle. Ein president er først og fremst president for det fleirtalet som valde han. Mindretalet ville hatt ein annan president. Valde presidentar veit dette og fyller opp med sine eigne folk i styringsapparatet rundt seg.

Det er kanskje monarkens viktigaste funksjon: å vere eit symbol alle kan samle seg rundt, å halde alle samla. Det blir spesielt viktig når situasjonen blir farleg, når det røyner på. Vi såg det under siste krigen i Noreg, då kong Haakon vart det samlande symbolet. Arnulf Øverland og Nordahl Grieg skreiv begge varme kongedikt.

Når medlemene av kongehuset vårt er ute og fartar, er det oss alle dei representerer. Få vil tvile på det. Og det er kanskje det viktigaste i arven frå den døde dronninga.

Ho overtok som statsoverhovud i den gamle økonomiske og militære stormakta Storbritannia. Landet var utarma etter to store krigar på 40 år. Det store koloniriket var i ferd med å rakne. Britane vart sende heim til den skamfarne øya si. Historia hadde vendt Storbritannia ryggen etter å ha hatt landet som favoritt i nokre hundreår.

Samtidig drog det seg til i Europa. Den kalde krigen sende sine isvindar over kontinentet.

Det var dette Storbritannia den unge Elizabeth skulle overta ansvaret for då far hennar døydde, eit utpint heimesamfunn og ei globalmakt på nedtur.

Elizabeth II regjerte ikkje Storbritannia. Det var det regjeringa og det folkevalde parlamentet som gjorde.

I dei sterke reaksjonane ved hennar død ligg det likevel ei takk som også har politisk innhald. Ho var det samlingsmerket som heldt folket saman gjennom urolege og farlege tider. Sorga tyngjer Storbritannia i desse dagane.

Men sorga er også blanda med takk til ei gammal dame som gjorde jobben sin, då kveldsola sende sine flate strå.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis