Diktet

Dikta til Lengali er saftige som bringebær og springande som internett.

Jonathan August Lengali er poet.
Publisert

I den tredje diktsamlinga til Jonathan August Lengali, Om gay seterdrift, som kom ut i vår, skildrar poeten eit nystarta liv på eit gammalt gardsbruk i Telemark: dyrking, hausting, handlelister, einsemd, vennar som kjem for å hjelpe til.

Dikta til Lengali oppheld seg alltid i vegkrysset der det kvardagslege, kvardagsspråklege møter det mytiske og romantiske. Dikta hans er saftige som bringebær og springande som internett. Han er også ein utprega sommarpoet, med bøker som trivst i lange, brennande, våte sommardagar fulle av lengsel og lyst. Som det står i årets bok, med eit sarkastisk blunk til poetens namn: «det er på en måte alltid august inni meg».

Begjæret i diktet nedanfor rettar seg ikkje mot ein annan kropp – slik det også kan gjere hos Lengali – men mot raude bringebær, ein heil bognande busk. Samtidig identifiserer personen i diktet seg med bæra. Han er også freistande, syrleg, solmodna? Eller handlar det snarare om måten buskane «kaster seg tunge mot jorden» på, er dorske, jorda? Det oppstår i alle fall ei vittig overføring av meining når poeten i verset etter lèt personen nesten ramle inn i busken – identifikasjonen blir for sterk!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement