Utanriks

Galgenhumor – russisk standup i krigstid

Det kan vere livsfarleg å spøke med krigen, men krigshumoren lever.
   

Den kasakhiske komikaren Nurlan Saburov vart utvist frå Russland og fekk innreiseforbod.
Publisert Sist oppdatert

I starten av februar i år dømde ein russisk domstol komikaren Artemij Ostanin til fem år og ni månader i fengsel. Dommen kom som eit punktum i ei sak som tok til då politiet arresterte han då han prøvde å forlate landet. Dei prylte han, braut ryggen på han og tvinga han til å spele inn audmjukande unnskyldningar på video.

Du lurer kanskje på korleis styresmaktene kan behandle nokon på denne måten. Svaret er eit par ganske uskyldige vitsar. I eit standupshow omtalte Ostanin ein funksjonshemma veteran – han sa ikkje at han var veteran frå Ukraina-krigen – «ein mann utan bein på rullebrett»; han spøkte med måten mannen tok seg fram på når han tok T-bana. I tillegg sa han noko om Jesus – at han drakk vin og er «dehydrert etter all festinga».

Det var ikkje snakk om vitsar, berre nokre replikkar i ein større samanheng. Og resultatet var altså arrestasjon, grov vald, ein liksom-rettsprosess der han blei skulda for «hatefulle ytringar», «sverting av menneskeverdet» og «krenking av truande», og ein vanvitig fengselsdom som aldeles ikkje står i forhold til «brotsverket».

 

Humor har stor innverknad på oss menneske. Humor hjelper folk å handtere akutte kriser og fryktelege situasjonar. Men humor kan medføre fare for den som vitsar. Under Stalin kunne enkelte vitsar bidra til å gi soldatar styrke, mens andre vitsar medførte at folk enda opp i ein Gulag-leir i fleire tiår. Slik er det i dag òg: Det finst vitsar styresmaktene synest er OK, og vitsar som kan koste deg ryggen – eller livet.

Humor er så ymse, og folk med ulike haldningar bruker han på ulike vis. Derfor blir det spøkt om både motstand mot krigen og støtte til krigen. Det finst opposisjonshumor og regimehumor. Ukraina-krigen har forvandla den russiske latteren radikalt på alle vis.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement