Diktet
«Ove Røsbak er i sitt ess når han skriv på rim og rytme.»
Foto: Thomas Andersen / Wikimedia Commons
Tidleg på 1980-talet sat eg halvsløv og såg på TV. Brått såg og høyrde eg ein ung mann lese dikt. Stemma og den naturlege framføringa greip meg. Mannen var Ove Røsbak, og lite visste eg at han skulle bli ein nær og god ven.
Ove kom til verda i Furnes ved Hamar i året 1959. Han markerte seg tidleg som ein lovande poet og debuterte med diktsamlinga Lævandes dikt i 1978. Han fekk Prøysenprisen i 1980, berre 21 år gamal. Ove har gjeve ut fleire diktsamlingar, barnebøker, prosabøker og biografiar om Rolf Jacobsen og Alf Prøysen. Musikalsk som han er, har han omsett og forfatta mange eigne songtekstar for ulike artistar.
Eg har sjølv fått gleda av å tonesetje tekstane hans. Og når Ove leverer frå seg ein tekst, skin den personlege tonen klart og tydeleg fram. Frå det såre og vakre via det djupaste mørke til den villaste og humoristiske galskap! På scena har han ein fri og sjølvironisk veremåte når han opptrer, og han er ikkje redd for å ta ein song eller to.
Ove er i sitt ess når han skriv på rim og rytme. I 2009 sende han meg eit dikt som han eitt år tidlegare hadde skrive til yngstedottera Ane i samband med konfirmasjonen hennar. Her var ingen rytmiske og haltande rim som stanga. Alt flaut lett av garde. Eg foreslo at det kanskje hadde vore fint med eit refreng. Ove justerte litt, og kort tid etter var songen ferdig.
Når du les teksta, tek det berre tre–fire liner før du er fanga og i same rom som forfattaren. Det er som du sit i eit romskip og reiser ut i det stjernefylte universet. Du møter hindringar. Du møter mareritt, men stjerna sloknar ikkje. Ho står der og blinkar. Snart er du framme. Du går mot morgonlandet, og stjerna er med deg heile vegen, heilt «tel mårran kjæm».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.