Bok
Lyrisk beredskap
Gjendiktingar frå ukrainsk syner korleis den kulturelle motstandskampen vert ført i poesien.
Iryna Shuvalova er poet, omsetjar og akademikar.
Foto: Linda Bournane Engelberth
Å slå saman to bøker i éi melding berre fordi dei rommar dikt som er omsette frå ukrainsk, er kan hende ikkje godt grunngjeve. Men det finst tematisk slektskap mellom bøkene, og båe uttrykker ein kulturell beredskap, ein motstandskamp.
Iryna Shuvalova (f. 1986) er ein prislønt ukrainsk poet, akademikar og omsetjar. Ho skriv, slik tittelen Ingen planer om å bli indikerer, mykje om staden, heimen, om haldepunkt og om det mellombelse opphaldet. Omdreiingspunktet er eksiltilstanden.
Leikne bilete
Shuvalovas dikt er fylte med frodige, leikne bilete, ofte lengtande mot eit overskridande punkt i framtida. Håpet kan teikne seg i form av ei hylling til lyset, stjerna Sirius eller ved at poeten forsikrar seg om at «livet framover/ blir det mye av/ blir det nok av/ til alle».
Når det gjeld Shuvalovas bok, er omsetjingsmetoden verd å nemne. Dikta i den tospråklege utgåva er skrivne fram parallelt på ukrainsk og norsk. Poeten har delteke i omsetjarverkstaden, der dei har diskutert seg fram til gode løysingar på norsk. Formålet er at dikta skal ha om lag same verknaden på båe språka, ikkje at dei er filologiske ekvivalentar.
I Serhij Zjadans (f. 1974) dikt trer krigen meir i framgrunnen. Dei 21 dikta er daterte og går frå 2021 til 2023. Dikta får dimed ein akutt, dokumentarisk og dagbokliknande horisont. Zjadan, som kjem frå Luhansk og har fått romanar omsette til norsk tidlegare, skriv at han med dateringa ville syne at konteksten og tidskjensla var viktigare enn dikta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.