Fugleperspektiv
Bodbringaren frå Sahel
Hos tornsongaren har den vaksne hannen grått hovud, medan det er beige eller lysebrunt hos hoa.
Foto: Herwig Winter / Wikimedia Commons
I hekkesesongen er denne arten ikkje fåtalig i Noreg, men få kjenner til han: Tornsongarane kjem frå overvintringskvartera sør for Sahara ein gong i månadsskiftet april–mai og slår seg ned der det er kratt- eller buskvegetasjon, i ei rekkje habitat.
Eg har møtt på dei på attgrodde fyllingar på Austlandet så vel som i kuperte kystlandskap i Rogaland. Også ein gong då eg var på lynbesøk i heimbyen min Blois i Loire-dalen, song eit då fruktlaust bringebærkratt på elvebreidda med tornsongarrøyst. Det var i byrjinga av juni. Eg venta litt, og fuglen steig ut or djupet av den vesle busken.
Ifølgje den siste omfattande vurderinga, som rett nok byrjar å bli gamal, vart hekkebestanden i Noreg rekna til å liggje mellom 150.000 og 250.000 individ. Kvifor legg ein som regel ikkje merke til denne livlege songfuglen? Er det på grunn av fargen, som det franske namnet, fauvette grisette – «gråsongar», framhevar? Eller er det av di han likar seg i djupna av kratt og høge, tettveksande stenglar?
Referansen til tornar har namnet til felles på alle dei skandinaviske språka og på tysk. At det skal vere nokre taggete buskar i habitatet, er ein gjengangar. Hagtorn, bjørnebær eller nype kan til og med verte valde som reirplass; ein glattare bringebærbusk eller stenglane til urteplanter som mjødurt eller brennesle fell ofte i smak.
Varme tonar
Om tornsongaren kan verke grå ved fyrste augekast, overraskar han med varme tonar og eige skjelmønster på ryggen, har ein høve til å sjå han i gunstige lystilhøve. Det er hannen som har grått hovud, medan det er beige-brunt hjå hoa. På portugisisk er det smaken han har på bringebær, som har gått inn i namnet, papa-amoras, «bringebærsnappar».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.