Fugleperspektiv
Søkjelys på skitetrasten
Det må seiast at gråtrasten nyttar songen sin ganske sjeldan.
Gråtrasten, ein art med nordleg utbreiing i hekkesesongen, er ein fargerik fugl.
Foto: Sveinung Lindaas
Det er oktober, månaden der heile himmelen vert sett i rørsle: Ikkje ein dag utan at det flyg ein plog gjæser eller ein flokk finkar over oss. Ein del er på veg sørover, medan andre streifar i grupper frå matkjelde til matkjelde og, når mørkeret senkar seg, til nattely.
Også trastane tek del i denne årlege omveltinga og er på vengjene. Dei har mist songen sin, men gir lyd frå seg. Om dagen tuslar eg med trasteøyret vendt mot himmelen, og nokre kveldar sit eg ei stund ved det opne vindauget. Trastetrekket spelar seg ut i mørke natta, slik blant anna radar har avslørt i dei siste tiåra. Nokre netter er det mogleg å høyre det. Hittil har eg vore utan nattleg hell, men morgonen plar by på trastemøte.
Desse haustmorgonane går eg ut og stansar på den vesle sletta som blir kalla sirkustomta. Det opne området ligg mellom Botanisk hage og Tøyenparken i Oslo, og her får ein god utsikt til sjølve himmelen, utan at trekroner eller høge bygg blandar seg inn.
«Sirrr» eller «zzzip» ropar det gjentekne gonger over meg – fluktlydane til høvesvis svarttrast og raudvengtrast. Sett nedanfrå og i motlys framstår flygande trastar som svartgrå uansett art. Raudvengtrasten er rett nok minst, men det er ikkje alltid lett å vurdere avstand frå bakken og dermed storleik for oss jordbundne.
Under nådige lystilhøve, og når dei lagar lyd, går det an å skilje dei frå kvarandre. I Noreg hekkar seks trasteartar: svarttrast, måltrast, raudvengtrast, duetrast, ringtrast og gråtrast. Dei har ulike habitatpreferansar. Duetrast og ringtrast hekkar fåtalig, andre i større mengder. Alle rører på seg om hausten, men i ulikt omfang og på ulike måtar.
Trass i intensiteten i dei skarpe raudvengtrastropa er det mest svart- og gråtrastar å sjå over sirkustomta i dag. Desse to artane er dei blant trastane som i størst grad prøver lukka i nord om vinteren, sjølv om ein del også trekkjer sørover. Overvintrande svarttrastar er ekte generalistar både når det gjeld habitat og kosthald, og finn seg til rette med fuglemating, medan gråtrastar, som også er ein nordlegare art, held seg til rognebær, men eple kan trekkje dei til fôringsplassar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.