Fugleperspektiv

Gåsegribbar og britiske fuglekikkarar

Bak bortreiste traner i Spania, del 1
 

Med eit vengjespenn på opptil 2,80 meter er den svære åtseletaren gåsegribb meister i glideflukt. Desse to individa svever samstundes i ulike høgder.
Publisert Sist oppdatert

Del 1 av 2:
Det byrja langs bilvegen mellom Málaga og Sevilla då eit tjuetal store rovfuglar steig i sirklar over ein fjellknaus. I kikkerten gjekk det an å skimte nakne halsar med tjukke nebb som stakk opp av fjørkragar: gåsegribbar. Den digre åtseletaren har eit vengjespenn på over to meter. Det dunete hovudet og halsen, som er lang, gjer at han kan grave ned i åtsel utan å skitne seg til. 

Etter nokre dagar på veg nordover i innlandet har eg vorte fortruleg med silhuetten, som syner seg dagleg over bilveg eller landsby.

Kor prisgjevne er ikkje desse kjempene luftstraumane. Eller rår dei over dei? Ein ser dei nesten aldri flakse, dei lèt seg bere utan strev, med utstrekte vengjer. Stig opp, dalar ned og svever sidelengs med luftmassane, i den eine augneblinken ørsmå høgt oppe, i den neste mykje nærare og større, med blikket retta nedover mot oss. 

Auga kan sjå ei matkjelde frå fleire kilometers avstand. Og like brått som dei kom til syne, er dei borte att.

Det er noko med Spania og dauden. Få har uttrykt det så kraftfullt som den andalusiske diktaren Federico García Lorca: «I alle land er dauden ein ende. Han kjem, og gardina vert trekt for. Ikkje i Spania» (mi omsetjing). Her er det då ho opnar seg. Ingen himmel over Europa er så full av gribbar som den spanske.

Her lever i dag 90 prosent av kontinentets gåsegribbar, eit resultat av omfattande vernetiltak innførte etter at bestandane stupte. Årsakene har blant anna ha vore forgifting gjennom medisinar brukt på husdyr, kollisjonar med kraftinfrastruktur og redusert tilgang på føde i form av dyrekadaver, i tråd med endringar i jordbruksformer. I dag reknar ein med at talet på individ av denne sosiale gribben ligg rundt 90.000 i Spania.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement