Litteratur

Vanskeleg kjærleik i eit land som gjekk under

Med romanen Kairos har tyske Jenny Erpenbeck omsider kunna skrive boka ho lenge hadde ønskt å skrive. No var avstanden i tid blitt stor nok.

Publisert

Kairos, som i gresk mytologi er namnet på guden for den heldige augneblinken, handlar om 19 år gamle Katharina, som forelskar seg i den 34 år eldre forfattaren Hans. Historia dekkjer perioden 1986–1991, nokre heilt avgjerande år for den austtyske arbeidarstaten. Dette er ei forteljing om sterke kjensler og intens kjærleik, men også grenselaus sjalusi og ditto manipulering.

Erpenbeck (55) er sjølv fødd og oppvaksen i den delen av Berlin som høyrde til DDR, og ho har opplevd korleis det var å leve under overvaking og diktatur. På spørsmål om kva ho trur norske lesarar treng vite om henne, svarar ho berre «at eg mange gonger gjerne sit ved kjøkkenbordet og skriv». Udramatisk og greitt.

– Du har lagt handlinga til ei tid som var kritisk for DDR, og kanskje også for deg sjølv?

– I prinsippet er dette ei historie om å bli vaksen – og det har sjølvsagt òg å gjere med at slutten på DDR skar eit djupt snitt mellom ungdomstida mi og tida då eg brått blei vaksen. Frå då av høyrde fortida mi heime på museum. Kvardagen som eg hadde kjent, og som hadde prega meg, var på kortast mogleg tid forsvunnen.

– Katharina, hovudpersonen, er jamgammal med deg. Det vesle eg veit om deg, får meg til å tru at romanen inneheld element av sjølvbiografi ut over det som har med tida å gjere.

– Utan noko sjølvbiografisk er det uråd å skrive ei bok. Men denne romanen er nettopp ikkje gjenfortalt liv, men eit blikk på samanhengar. Dette blikket er det eigentleg intime, som eg deler med lesaren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement