Energi
Norske kommunar klare for kjernekraft
Etter rundt 50 års tagnad og passiv motstand er kjernekrafta brått i vinden att.
Selskapet GE Hitachi er i gang med å byggja små modulære reaktorar (SMR). Kraftverket på illustrasjonen kan stå klart i Canada mot slutten av tiåret.
Illustrasjon: GE Hitachi
Eg ringjer dagleg leiar i Norsk Kjernekraft, Jonny Hesthammer. Telefonlina er ustabil. Han er langt ute på viddene i Normandie. Det gjeld atomkraft. Kan vi gjera ein avtale, gjerne i Austrheim, når han er tilbake i kongeriket?
– Ein liten augneblink, berre. Eg har ordførar Morten med meg her. Skal sjekka når det passar, seier Hesthammer.
Karane har vore på kjernekraftseminar i Paris. No rundar dei av med ei utflukt til eit kraftverk i Normandie. Ein ordførar frå ein liten kommune i Vestland dreg til Frankrike for å studera kjernekraft. Kjernekraftsaka er brått tilbake i den norske debatten.
Kjernekraft og EU
Elleve norske kommunar ønskjer no eit kjernekraftverk velkome. Tysdag 25. november sette saka ny fart. Då gjorde Miljødirektoratet det klart at dei på instruks frå Energidepartementet sender ut grannelandsvarsling for eit kjernekraftverk i kommunane Aure og Heim, Trondheimsleia Kjernekraft AS.
Grannelanda får frist til 6. januar 2026 med å koma med innspel. Då kan arbeidet med ei konsekvensutgreiing ta til. Kommunane Aure og Heim samarbeider altså om å få kjernekraft. Elles har følgjande kommunar opna for eit kraftverk i samarbeid med Norsk Kjernekraft: Vardø, Øygarden, Halden, Austrheim, Lund, Lyngdal og Farsund, Bamble, Narvik og Svalbard.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.