Bokkommentar

Kulturkrigaren

Historikarlauget var i tida etter 1945 eittpartistaten i miniatyr, med Jens Arup Seip som historiefagets svar på Einar Gerhardsen.

Publisert Sist oppdatert

I

Jens Arup Seip var den tonegjevande historikaren i Noreg i andre halvdel av 1900-talet. Etter ei opptakt som mellomalderhistorikar slo han seg til med langvarige felttog i Noreg på 1800-talet – og heldt seg der, avbrote av ein og annan polemisk lynkrig inn i samtida. Seip etterlét seg ei elegant formulert nytolking av moderne norsk historie, sentrert om det maktpolitiske spelet: om det å erobre makta og det å halde på henne.

Åsmund Svendsen har med den veldokumenterte og særs velskrivne biografien gjeve eit vektig bidrag til norsk intellektuell historie.

Åsmund Svendsen har med den veldokumenterte og særs velskrivne biografien Jens Arup Seip. Historikeren og hans land (Forlaget Press, 2025) gjeve eit vektig bidrag til norsk intellektuell historie. Med basis ikkje minst i Seips privatarkiv ved Riksarkivet har det vorte eit verdifullt nybrotsarbeid. Særleg sterk vert avdekkinga av Seips rolle i historikarmiljøet.

Seip melde seg for det offentlege ordskiftet fredssommaren 1945 med Et regime foran undergangen, etter «et stille liv» dei føregåande åra, som biografen hans skriv: om føremiddagen i Riksarkivet, om kvelden heime på Oslos vestkant. Boka gjev eit fascinerande innblikk i det gamle regimets siste fase fram mot gjennombrotet for parlamentarismen i 1880-åra. Det heile er konsentrert rundt det politisk-menneskelege dramaet mellom embetsmannspolitikarane Frederik Stang og Ole Jacob Broch, med Venstre-leiaren Johan Sverdrup vakande i kulissane.

Den politiske idèhistorikaren Jens Arup Seip (1905–1992).

Et regime foran undergangen er med Seips stilistiske filigranskunst eit litterært meisterverk som med rette vart løfta inn i Den norske litterære kanon 1900–1960 (2007), i eit eksklusivt skjønnlitterært selskap, frå Olav Duun til Gunvor Hofmo. Rett nok var ikkje studien ein roman, men han var ifølgje litteraturprofessor Erik Bjerck Hagen skriven «på en måte som var en romanforfatter verdig». Det var ei grunngjeving Seip sjølv neppe ville sett pris på. 1800-talet hadde ifølgje historikaren Ernst Sars vore poetokratiets periode, symbolisert ved diktarpolitikarane Wergeland og Bjørnson. Gjennom dominansen litteraturhistoria hadde, vart det eit mishandla hundreår, poengterte Seip: ut med diktarpolitikarane, inn med embetsmannsstatens strategar.

I Et regime foran undergangen introduserte Seip for fyrste gong sitt syn på perioden 1814–1884 som ein «embetsmannsstat»: eit eigenarta regime som fall utanfor vanlege vesteuropeiske forfatningar, med embetsmennene som ein leiande styringselite. Teorien om embetsmannsstaten skulle, som Svendsen påpeiker, verte Seips fremste bidrag til «et norsk begrepsunivers» – ein teori «andre historikere skulle bruke store deler av sitt profesjonelle liv på å utforske, drøfte og til slutt opponere mot». Alt i 1945 hadde Seip vorte Seip: Den venstreradikale historikaren var på ingen måte ei akademisk fredsdue.

Ole Jacob Broch og hans samtid, utan tvil Seips hovudverk, vart påbyrja i 1933, men ambisjonane voks. Det var ikkje lenger berre snakk om eit minneskrift om Broch, for Seip sikta mot ei total revurdering av den politiske historia om det moderne Noreg. Det gjekk ikkje mange år før bokkomiteen melde bekymring: Kvar vart det av boka? Fyrst fleire tiår seinare, i 1971, låg ho føre. Dei mange einskildstudiane i den mellomliggjande perioden såg Seip på som «høvelspon fra en snekkers verksted».

II

Med sitt aktørperspektiv markerte Seip avstand til det Halvdan Koht – den meir eller mindre materialistiske læraren hans – kalla «drivmaktene i historia». Historia vart skapt og omskapt av handlande individ som ikkje berre kunne tolkast som reiskapar for tvingande krefter. Som politisk idéhistorikar – for det var det han ville vere – kom Seip til å teikne ein eigenarta profil. Programmet var ideologikritisk «demaskering», ei avsløring av dei (ofte) vikarierande motiva som låg til grunn for politikarane sine handlingar: «En historikers oppgave er ikke å kle på, men å kle av.» Det var konklusjonen hans i den klassiske studien «Høyesterett som politisk organ» (1964).

Men Seip var ikkje berre ein «demaskør». Til forskjell frå Edv. Bull, den andre materialistiske læraren hans, var Seip ein historikar som trudde på at ideane hadde røynleg innverknad; målet var å rekonstruere den ideologiske utviklinga, teikne «tidens åndelige fysiognomi». Det var med dette perspektivet Seip på fornyande vis avdekte utilitarismen, gjennombrotet for nyttetenkinga i 1830-åra med Anton Martin Schweigaard som hovudaktør. Den politiske revolusjonen i 1814 vart ifølgje Seip etterfølgd av ein ideologisk revolusjon tjue år seinare.

Seip gjekk i tospann med den nye, kulturradikale samfunnsforskinga i 1950- og 1960-åra (Vilhelm Aubert, Yngvar Løchen ofl.), der ein gjennomgangsmelodi var ideologikritisk konfrontasjon av ideal og realitetar. Seip var oppglødd for denne sosiologiske orienteringa, men utan å reflektere over kor nær han sjølv stod henne. Denne konstellasjonen kunne Svendsen med fordel ha tematisert og slik gjeve Seip ei tydelegare plassering i ein lokal, kulturradikal vitskapleg tenkjemåte.

III

Svendsen minner oss på kor nær Seip i si vitskapsteoretiske tenking – i alle fall i ein tidleg fase – stod den logiske positivismen som vart lansert av filosofen Arne Næss, ein av dei (få) samtidige han såg opp til. Han hadde vore blant tilhøyrarane då Næss heldt tiltredingsførelesinga si som professor i 1939. «Fullt auditorium», noterte Seip: «Et særsyn. All verden tilstede.» Næss’ synspunkt var visst «i samklang med fleres tanker enn mine». Dei utgjorde ein hegemonisk, vitskapleg ideologi i arbeidarpartistaten i tiåra etter 1945.

I historievitskapen vart Seip den fremste agenten for denne ideologien. Det var hos Seip, påpeiker Svendsen, eit akutt behov for å skape ei historie som var heilt ny: «sann» og «realistisk». Dersom historia skulle skapast på nytt, måtte også historiefaget omskapast. Fyrst med Seip vart historiefaget «et ekte vitenskapelig fag, avideologisert og avpolitisert», hevdar biografen hans.

I tråd med den positivistiske førestillinga om einskapsvitskap med naturvitskapen som førebilete også for humaniora, hadde Seip i 1944 gått til åtak på John Nome som historikar. Nome, som hadde vore ein av Næss’ konkurrentar til professoratet i 1939, var ein filosofisk orientert teolog og hadde mellom anna skrive ein fin studie om den tyske sosialfilosofen Georg Simmel.

Det var ikkje slik at nokre fenomen, til dømes religiøs tru, unndreg seg vitskapleg-rasjonell undersøking, slik Nome meinte, for ifølgje Seip fanst det berre éin vitskapleg metode i alle fag og berre éi form for erkjenning, den vitskaplege. Det å tru at ein gjennom forsking kunne nå fram til absolutt rette tolkingar av fortida, rekna Nome for sin del som uttrykk for naiv realisme. All erkjenning måtte byggje på ei forforståing, eit uutryddeleg innslag av subjektivitet, hevda Nome med ei formulering som føregreip Hans-Georg Gadamers innsikt i den klassiske studien om hermeneutisk tolkingslære, Sannhet og metode (1960).

For Seip var det kort veg frå teologi til jus, to versjonar av «dogmatisk ideologiforsking», og han rykte ut mot jusprofessor Frede Castberg og hans naturrettslege forsvar for folkerett, demokrati og rettsstat. Castberg hadde etter 1945 vore oppteken av grensene for statens makt, einskildindividets rettar forankra i menneskerettane: «selv det sterkeste flertall har aldri en ubegrenset rett». Castbergs idealistiske, verdifilosofiske refleksjonar var ikkje noko for Seip, det var «bent frem ondt å lese», lesinga var «skremmende».

På denne tida, rundt 1950, hadde Volda-pedagogen Erling Kristvik invitert Seip til ein offentleg, vitskapsteoretisk debatt via VG. (VG var etter 1945 lansert som eit intellektuelt opplysingsprosjekt som skulle verte «det sentrale organ for den offentlige debatt i Norge».) Kristvik delte ikkje Seips synspunkt om den vitskaplege metoden som einaste veg til sanning.

Seip avviste Kristviks invitasjon i eit privat brev. Dei to stod så langt frå kvarandre at det «vanskelig vil la seg gjøre å få i gang en meningsutveksling». Dette var del av eit mønster, ifølgje Seips biograf: «Når han først ble utfordret som her, skulle han avfeie hele problemstillingen som uinteressant og meningsløs, gjerne i et privat brev, i et lukket forum.» Slik kunne ein professor tillate seg å opptre i arbeidarpartistaten i 1950-åra: «dulgt og i skjul bestemme hva det var lov til å snakke alvorlig om».

Tretti år seinare tok filosofen Hans Skjervheim opp tråden frå Kristvik, denne gongen i Dagbladet, og kritiserte Seips demaskerande kamuflasjemodell: historieskriving som striptease. Skjervheim åtvara mot «den metodiske bruken av tvangs-striptease i historisk forsking» der historikarblikket vert «det absolutte blikket ingen kan skjula seg for». Han hevda at Seip flytta seg ureflektert frå det skildrande til det normative, med ein gjeven politisk-filosofisk doktrine om kva politikk eigentleg er: eit kynisk spel om makt.

«Jeg forsøker å tenke i modeller, men å skrive som en historiker», forklarte Seip, men la til: «Jeg lar i motsetning til sosiologene stillaset falle i selve framstillingen.» Men når Skjervheim søkte å atterreise det teoretiske stillaset for å problematisere det, vende Seip det dauve øyret til. «Filosofer har en ulykksalig trang til å skrive om vitenskaper de selv ikke kjenner», lydde det korte tilsvaret: Historievitskap er «ingen lek for barn».

IV

Som offentleg figur er Seip framfor alt knytt til det vidgjetne føredraget «Fra embetsmannsstat til ettpartistat» i Det Norske Studentersamfund i 1963. Her skisserte han perspektivet på norsk politisk historie frå 1814 i tre epokar: embetsmannsstaten etterfølgd av fleirpartistaten (1884–1940) og eittpartistaten (1945–). Ambisjonen om ein eksplisitt revisjon av Sars er umiskjenneleg ved tittelen på det som var meint å verte det endelege eposet hans: frå Sars’ Udsigt over den norske Historie til Seips Utsikt over Norges historie. Det vart med dei to binda om embetsmannsstaten (1974, 1981) ein torso. (Innleiinga til bind 3, «Flerpartistaten i perspektiv», vart publisert posthumt i Nytt Norsk Tidsskrift i 1994.)

Seips analyse av eittpartistaten, avgrensa til femten knappe sider, har med sitt elegante kondensat av hypotese og diagnose nærmast vorte ein kanonisk tekst. Seips perspektiv var anti Sars og Koht: «Koht fornyet og utdypet Sars», begge med utviklingsliner «som endte i et fremtidig idealsamfunn, enhetlig, lykkelig». Den nasjonale «samvoksteren» som Koht hadde drøymt om i 1930, «er i dag, kan det synes, blitt virkelighet», hevda Seip på Kohts 90-årsdag i 1963. I Seips forteljing vart det derimot ei rørsle frå den eine embetsmannsstaten til den andre, frå Stang til Gerhardsen. I eittpartistaten var politikken flytta vekk frå demokratiske, opne organ til sosialdemokratiske embetsmenn og deira skjulte rom.

Arbeiderbladet var eit fast innslag ved morgonkaffien for Seip, og han skal visstnok i alle år ha røysta på Arbeidarpartiet. Men som historikar var han ifølgje sitt eige program «avideologisert og avpolitisert»; han ville ikkje som Sars og Koht vere ein ideologisk forkynnar. Målet med 1963-føredraget, vedgjekk han i ein kanskje litt uvørden augneblink i eit intervju med SF-avisa Orientering, hadde vore å styrkje ei «levende venstrefløy» i Arbeidarpartiet.

Statsvitaren Stein Rokkan sette fingeren på det ømme punktet, at Seips føredrag kunne lesast som politisk forkynning, forkledd som forenkla historie: ei støtte til det nystarta SF til venstre for Arbeidarpartiet. Seip mislikte Rokkans påpeiking og slo hardt tilbake – ti år seinare. Det vart ein durabeleg duell mellom dei to fagnestorane. Seips «Modellenes tyranni» fekk tilsvar i Rokkans «Detaljenes tyranni».

Eit par år seinare stod Gudmund Hernes’ maktutgreiing for tur, og det vart også ein frisk feide omkring det Hernes kalla «Modellenes maskerade». Dei fekta begge med florett – til noko så uvanleg som gjensidig anerkjenning og glede.

Einar Gerhardsen på toppen av Høgblokka, sentrum i eittpartistaten.

Seip var ein briljant maktanalytikar av eittpartistaten òg, førebiletleg for mange, inkludert meg sjølv. Til Seips analyse av eittpartistaten kjem ikkje Svendsen med noko nytt. Det kanskje mest tungtvegande nye i Svendsens bok er derimot det biletet som kjem fram av det norske historikarmiljøet i denne perioden, med Seip i ei hovudrolle, dokumentert også via Seips innsiktsgjevande privatarkiv. Her skulle Svendsen i større grad ha samla trådane til eit demaskerande Seip-portrett i Seips ånd, eit portrett Seip sjølv neppe ville ha underteikna.

Seip-eleven Ottar Dahl har hevda at historikarane i tida etter den andre verdskrigen var bundne saman i ein sosialdemokratisk verdifellesskap – på ingen måte ein harmonisk, velviljug og inkluderande fellesskap. I denne verdifellesskapen kunne Seip opptre som ein strategisk handlande maktpolitikar som visste at heller ikkje historikarpolitikk er idyll. Historikarlauget var eittpartistaten i miniatyr, vil eg hevde, med Seip som historiefagets svar på Gerhardsen. «Brutalisten Seip», som Svendsen kallar han i ein parafrase av Seips nådelause dom over Gerhardsen, var «en som virkelig kunne skyte når noen måtte dø».

Om målføregranskaren Sigurd Kolsrud, leiar for Norsk historisk kjeldeskrift-institutt og professor ved Universitetet i Oslo (1923–1957), heiter det at han ifølgje Seip «måtte bort» – og han vart fjerna. Seip-eleven Alf Kaartvedt måtte få arbeidsro.

Ein av dei som vart sette på plass, var den unge økonomihistorikaren Fritz Hodne, som hadde kritisert Seips analyse av kvifor den økonomiske liberalismen slo igjennom i Noreg midt på 1800-talet. Hodne hadde tillagt dei rettsstatlege normene forklarande kraft for den politiske utviklinga i embetsmannsstaten, slik Francis Sejersted skulle gjere i full breidd seinare i 1970-åra. Hodne fekk eit nådelaust svar i ein artikkel i Historisk tidsskrift.

I eit brev til Francis Sejersted, som var redaktør for tidsskriftet, la ikkje Seip fingrane imellom: Hodne var «en forvirret person uten sammenheng i det han skriver, og uten evne til å oppfatte hva andre skriver». Seip var klar over at Sejersted delte Hodnes syn: Dette er også ein «kritikk av deg» – «i all vennskapelighet».

V

Francis Sejersted har fått eit eige kapittel i Svendsens studie: «Utfordreren». Sejersted var ein motpol til Seip på så mange måtar. Mens Seip gjerne var knytt til det kulturradikale miljøet rundt Pax Forlag, høyrde Sejersted til den verdikonservative krinsen rundt tidsskriftet Minerva med Lars Roar Langslet i spissen. Mens Seip hadde forsvart historiefaget vis-à-vis jussen og dei nye samfunnsvitskapane, bygde Sejersted som historikar ei bru over til så vel jus som sosiologi og statsvitskap. Mens Seip var politisk idéhistorikar, var Sejersted økonomisk historikar.

Då dei analytisk-filosofiske hegemonikarane hindra at Hans Skjervheim vart etterfølgjar til Arne Næss tidleg i 70-åra, flytta dei venstreradikale, kritiske orienterte studentane seg frå filosofi til historie for å følgje Sejersteds førelesingar. Den konservative historikaren var nemleg lydhøyr overfor og sjølv påverka av dei meir eller mindre marxistiske nyorienteringane etter 1968.

Sejersted hadde utfordra Seips teori om embetsmannsstaten: I staden for eit eigenarta, særnorsk fenomen kunne embetsmannsstaten sjåast som eit institusjonalisert uttrykk for eit klassisk liberal-europeisk ideal for rettsstaten. Framfor å svare på Sejersteds kritikk gjennom eit prinsipielt argumenterande motsvar valde Seip ein indirekte, karakteriserande og utdefinerande strategi, som ikkje var utypisk for den polemiske historikaren.

I 1980 heldt Seip opningsføredraget i Politisk Forum, den nye debattarenaen for venstrefløya med Gudmund Hernes som leiar. Føredraget «Høyre gjennom hundre år 1880–1980» var lagt opp som ein slags oppfølgjar av «Fra embetsmannsstat til ettpartistat». Her vart Sejersted avfeia med eit par liner. Med «en egenartet tolkning av rettsstatsbegrepet» ville Sejersted gje «norsk konservatisme og Høyre en fornem fortid». Når «våre unge marxister» fall som fluger for «denne dypt konservative modell av politikkens verden», var det eit døme på at høgrebølgja kunne ha «intellektuell slagkraft». Sejersted var som Sars: Han fortalde «eventyr for barn».

Nokre år seinare melde Seip seg igjen med ein lang artikkel om «Rettsstaten. En studie i begrepsdannelse og begrepsforvirring» i Nytt Norsk Tidsskrift (1984), men utan å nemne Sejersted med eitt ord (den høgreradikale rettsteoretikaren Carl Schmitt, med eit like negativt syn på det rettsliberale som Seip, fekk derimot brei plass). Opningssetninga etterlét ikkje nokon tvil om kva retning artikkelen hadde: «‘Rettsstat’ er ett av disse ord som ligger og skvalper i den åpne kanal mellom politisk teori og statsrett, mellom filosofers og politikeres domene, og juristenes.»

Rettsstatskontroversen mellom historikarane hadde ein forløpar i 1960-åra, i debatten mellom Seip og jusprofessor Johs. Andenæs om Høgsterett som politisk organ. Eit kjernepunkt i Seips argumentasjon var kritikken av «prøvingsretten», altså at domstolane har rett og plikt til å prøve om lovene som Stortinget vedtek, ligg innanfor dei grensene Grunnlova set. Seip såg i dette ei konservativ, ja, reaksjonær ordning, eit minoritetsvern, og drog ei line med brunstriper i seg: frå professorpolitikarane T.H. Aschehoug, Bredo Morgenstierne og Francis Hagerup til draumen om «den sterke mann og et Fædrelandslag» i mellomkrigstida.

Prøvingsretten var ifølgje Seip etablert av T.H. Aschehoug i bind 3 av Norges offentlige Ret. Anden Afdeling, som kom ut i 1885, året etter innføringa av parlamentarismen. Den var, med Seips formulering, «en kjepp med vilje kastet inn i demokratiets hjul, en siste handling, bak stortingets rygg, av en detronisert embedsstand». I bind 2 av Utsikt over Norges historie (1981) hadde Seip gjeve sitt syn ei ytterlegare spesifisert formulering: «Læren om ‘prøvingsretten’ på høyesteretts hånd ble lansert av Aschehoug i det gamle regimes siste øyeblikk. Mens riksretten satt sammen utpønsket han denne siste garanti med høyesterett som oppmann mellom regjering og storting.»

Nøyare studium av dei historiske kjeldene viste likevel at Aschehoug hadde lansert sitt syn alt i 1860-åra, eit par tiår før innføringa av parlamentarismen. Med Aschehoug-formuleringa si hadde Seip levert eit oppsiktsvekkjande døme på ei konspirativ forklaring av eit historisk ikkje-fenomen, hevda eg. Då Seip opponerte ex auditorio ved disputasen min i 1986, vedgjekk han at han hadde teke feil på dette punktet.

Med den skarpe analysen av Høgsterett medverka Seip likevel til å setje ein ny akademisk dagsorden; også feilaktige analysar viste seg å kunne vere fruktbare. Seips analyse gav opphav til ein vedvarande, fruktbar strid om fortolkinga av dei skiftande regima etter 1814, med forgreiningar inn i jus, statsvitskap, filosofi – og smått om senn også til det politiske miljøet. Den rettsliberale grunnlovsreforma i 2014/2015 var ein sein utløpar av denne debatten.

VI

Seip identifiserte seg tidleg med den kulturradikale tradisjonen. Freud og Marx hadde vore viktige figurar for han i studietida, Georg Brandes òg. Det var jo alltid Brandes, skal han ha fortalt. «Indignasjon er utvilsomt min rikeste inspirasjonskilde», hadde Seip notert i 1944. Det var ei formulering i kulturradikal ånd. Sidan 1950-åra hadde det kulturradikale Dagbladet teke Seip til seg. På 70-årsdagen i 1975 vart han portrettert av kulturredaktøren i Dagbladet, seipianaren Hans Fredrik Dahl, som den kritiske intellektuelle som hadde flerra bort «det idealistiske daukjøttet som siden 1945 hadde lagt seg om politikkens corpus».

Einar Gerhardsen då han forlét Slottet etter at han 22. juni 1945 hadde informert kongen om at han var klar til å danne regjering.

Seip var uroleg for «en invasjon av kristelig sinnede forskere som univ. for tiden utsettes for», erklærte han i 1949 i eit brev til Paulus Svendsen, professor i europeisk litteraturhistorie. Utover Svendsen sjølv var det mellom andre klassisk-filologen Eiliv Skard, idéhistorikaren A.H. Winsnes og litteraturvitaren Daniel Haakonsen Seip hadde i tankane. Det var verdikonservative akademikarar som sidan 1930-åra hadde samla seg rundt det Winsnes kalla «den annen front», ein intellektuell opposisjon til den hegemoniske kulturradikalismen og «den golde materialistiske verdensanskuelse».

For Seip var det «i det hele tatt svært vanskelig, om overhodet mulig, å forene en sterk kristen tro med vitenskap, også humanistisk vitenskap», skriv Åsmund Svendsen. Forskarar som vedkjende seg kristendomen, bar ifølgje Seip på «et tyngre kors enn oss andre».

Det kom til ein tilspissa konfrontasjon om Arnold Toynbee og det bindsterke historiefilosofiske verket hans A Study of History, som Winsnes sette høgt. Toynbee minte Seip om ein «reaksjonær tysk filosof» (det var vel Oswald Spengler og hans Vesterlandenes undergang han hadde i tankane?). Når ein historiefilosofisk sjarlatan som Toynbee kunne få så sterkt gjennomslag, viste det kor vanskeleg det var å skilje mellom godt og dårleg i humaniora. Dessverre måtte ein rekne med at «en betydelig prosent tøvekopper» ville slå gjennom hos publikum. Då norrøn-filologen Magnus Olsen, «Norges største forsker» (Seip), fylte 70 og fekk Toynbees verk som gåve frå kollegaene, var det ifølgje Seip «reist en evig skamstøtte over norsk åndsmiljø».

I tråd med ei kulturradikal sjølvforståing ville Seip vere fri og uavhengig, men som intellektuell, også som historikar, vart han styrt av ideologien sin. Han valde ofte å gripe til karakteristikkar, tidvis ganske nedlatande, i staden for prinsipielle argument overfor dei han var usamd med. Seip var i liten grad prega av vilje til å lytte til kritikarane. Slik sett kan han i kraft av den meir ideologistyrte enn eigentleg nyfiknedrivne argumentasjonsforma si sjåast som ein avantgarde for dagens kulturkrigarar – i venstreradikal tapping.

VII

For meg var Seip ein produktiv akademisk motspelar. Vår siste disputt var på eit politisk teoriseminar på Ustaoset vinteren 1992; det skulle verte siste gong Seip opptredde offentleg (han døydde i september same år). Eg hadde invitert Seip til å kommentere min analyse av Frederik Stang, som seinare skulle inngå i kapittelet om embetsmannsstaten i De nasjonale strateger (1998). «Jeg er skuffet, jeg er skuffet», var Seips innleiande ord. Det vart ein ofseleg duell, utkjempa «med en heftighet som fikk oss andre til å snappe etter pusten», skreiv Hans Fredrik Dahl i sin nekrolog: «Seip var uforliknelig på talerstolen.»

Vi heldt fram diskusjonen gjennom brev i tida etter. Vi vart verande usamde, men på venskapleg vis. (Vi var trass alt begge bergensarar.) «I brevs form mildnet Seips kritikk», skriv Svendsen: «Han inntok rollen som en klok nestor, som kunne gi råd: Skal du skape noe eget, skrev han til Slagstad, må du frigjøre deg fra polemikk mot andre.» Det var unekteleg ei sterk siste helsing frå ein idéhistorikar som gong på gong hadde drege opp grenser, også polemisk, overfor andre.

Boka har berre éin veikskap: Ho har fått ei innramming som ikkje har dekning i teksten.

Åsmund Svendsen har skrive ein framifrå biografi om Jens Arup Seip. Boka har berre éin veikskap: Ho har fått ei innramming som ikkje har dekning i teksten. Ifølgje opningskapittelet var han som offentleg intellektuell ein av desse professorane som «med stor selvfølgelighet uttalte seg om det meste». Seip vert plassert på ein opphøgd pidestall. Herfrå kunne historikaren skode ut over fortida og kaste «et forklarende lys over samtiden»: «Ingen historiker kan i dag med troverdighet gjøre hevd på den samme opphøyde posisjonen som Seip gjorde, hvorfra man med autoritet og karisma kan hevde å se alt.»

Ein skulle nesten tru at forfattaren ikkje hadde lese si eiga bok før han skreiv dette kapittelet. Det karakteristiske for Seip var jo at han systematisk søkte å unngå å uttale seg «om det meste». Det avgrensa seg for han til det historiefaglege, og då kunne det som nemnt også vere så som så med viljen til å delta i det offentlege ordskiftet. Seip var utan tvil ein offentleg intellektuell, men med ein ganske eigenarta profil.

Tittelen på opningskapittelet, «Historikeren og hans land», er også tittelen på boka. Det kunne nok ha vore tittelen på boka Svendsen har skrive om Halvdan Koht – eller Ernst Sars, for den saks skuld – men er heilt misvisande om Jens Arup Seip. Det kan nesten verke som forfattaren har vorte utsett for press utanfrå – eit forlagspress?

Ein meir dekkjande tittel ville ha vore «Historikeren og hans embetsmannsstat» eller «Historikeren og hans fag». Men hadde forfattaren i noko større grad samla trådane frå det rike materialet sitt, ville tittelen måtta verte «Kulturkrigeren».