Frå matfatet
Villsau
Sjølv ikkje hjå småfe er det storleiken det kjem an på.
Julemat i mengder: Ja, pinnesider av villsau er mindre enn enkelte andre pinnesider, men vert det ikkje nok likevel?
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Skal du ete sau til jul i år? Kring 40 prosent av oss et pinnekjøt på julaftan, men endå fleire er innom fårete smakar i løpet av juledagane: Det kan vere fenadlår eller lammerull til julefrukosten, ribbefeitt på den lettsalta brosma eller eit par halve smalahove. Sjølv om det er over 20 prosent færre sauer i Noreg i dag enn kring tusenårsskiftet, står sau og lam framleis sterkt i tradisjonsmaten vår.
Nokre sauer er likevel enno litt norskare enn andre. Den gamalnorske sauen vert også kalla villsau og er den sauerasen ein trur er mest lik dei dyra som fyrst kom til Noreg for 4000–5000 år sidan. Han kjem i fleire fargar, og både søye og vêr har horn og ull som er særleg tilpassa det våte kystklimaet vi har her i landet. For villsauen er ein kystbeitar, ein naturleg forvaltar av den truga naturtypen kystlynghei fordi han instinktivt veit at der kan han beite gras og urter om sommaren og lyng om vinteren, og såleis klare seg ute året gjennom.
Ja, og så er han liten, villsauen. Så liten at han har lett for å underhalde seg sjølv. Likevel skal nett det no kunne verte bana hans.
Veltar mange små dyr
Kva er det som får meg til å bruke så sterke ord? Er det landskapsendringar, manglande interesse frå forbrukarar eller bønder som ikkje gidd drive med det gamaldagse dyret?
På ingen måte. Årsaka ligg i ei lita endring som vart gjord i fordelinga av kvalitetstillegg for lammeslakt i jordbrukstingingane i vår. Resultatet av desse tingingane trer i kraft frå nyttår. Fram til årsskiftet vert det utbetalt eit flatt kvalitetstilskot for alle leverte lam av ein viss kvalitet. Men frå 1. januar vert kvalitetstilskotet differensiert ikkje etter kvalitet, men etter kvantitet: Då blir lam mellom 11 og 15 kilo slaktevekt lønte med 334 kroner i kvalitetstilskot, medan bønder som leverer lam over 17 kilo, får 720 kroner. Lam under elleve kilo vil ikkje lenger gje rett på kvalitetstilskot i det heile.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.