Litteratur
Undringsdiktaren
Gjennom heile forfattarskapen heldt Inger Hagerup på rim og rytme, medan innhaldet ofte sprengjer seg ut av desse formene, skriv Grethe Fatima Syéd i si nye bok om poeten.
Inger Hagerup fotografert i 1964.
Foto Ivar Aaserud / Aktuell / NTB
Forlaget Solum Bokvennen har i nokre år gitt ut bokserien «En sommer med …», der ulike forfattarar er blitt presenterte på litt «sommarleg» vis. I 2019 skreiv litteraturvitaren, forfattaren og omsetjaren Grethe Fatima Syéd En sommer med Nedreaas. Da ho fekk ei ny utfordring, fall valet på lyrikaren Inger Hagerup, som dei siste tiåra har hamna i skuggen, men som Syéd meiner har kvalitetar som det er verdt å lyfte fram att.
– Det gjeld barnedikta, kjærleiksdikta, dei politiske dikta og dei meir eksistensielle dikta om angst og uro. Dessutan dei få dikta om augeblikk med glasklar lykke.
– Røysta di er tydeleg til stades gjennom heile boka?
– Eg liker best å lese dei som skriv med opne kort: Kvifor appellerer dette til meg? Kvifor rører dette ved meg? Ambisjonen er at dette skal vere litt biografi, ganske mykje av dikta til Hagerup og formidling av kvifor dette er interessant for meg.
Bunden form
– Ser du Inger Hagerup som overgangsfigur mellom tradisjon og modernisme?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.