JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterKultur

Teaterstjerna frå strilelandet

Ingen skodespelar har fått så mange Heddaprisar som Preben Hodneland. Og strilen frå Nordhordland har hausta sine tre på berre fire år – før han rakk å fylla 36.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Preben Hodneland spelte hovudrolla som Raskolnikov i den fem timar lange framsyninga på Det Norske Teatret.

Foto: Dag Jenssen

12027
20220708
12027
20220708

Teater

jan.h.landro@gmail.com

Årets pris hadde han litt vanskeleg for å ta innover seg, hadde ikkje trudd at han skulle få han no siste gongen. Samstundes fekk han prisen for ei rolle i eit stykke som han er svært stolt av, Arne Lygres Tid for glede. Det var sett på som eit økonomisk tapsprosjekt då Det Norske Teatret sette det opp på hovudscenen, men synte seg å bli ein stor suksess både kunstnarleg og hos publikum.

– Hadde ikkje pandemien komme, trur eg du no ville sete med fire prisar, også for Brand med Kjersti Horn.

– At den framsyninga aldri fekk premiere på Den Nationale Scene, er ei hjartesorg for meg. Der hadde eg kjensla av å vera på veg mot noko ganske bra. Vi var berre komne tre veker inn i leseprøva, men det låg eit fint og solid konsept i botnen. Brand er ein av mine absolutte Ibsen-favorittar, men òg det vanskelegaste av stykka hans. Ein dag håper eg å få brynt meg på den teksten, seier han.

– Kanskje kan vi ta ballen opp igjen om nokre år. For eg synest det ligg noko i tida no som gjer stykket skremmande aktuelt. Brand har ei så sterk kjensle av at han har skjønt noko som andre ikkje har skjønt. Den fanatiske tankegangen verkar svært aktuell.

Ulike rolletolkingar

Heddaprisane Hodneland har fått, representerer tre svært ulike rolletolkingar – i musikalkomedien The Book of Mormon, for kraftprestasjonen som Raskolnikov, og no for ei dobbeltrolle i eit stykke om korleis vi skal finna tilbake til gleda i oss sjølve og i verda.

– På Teaterhøgskulen handla det om å finna si eiga røyst og sin veg. Sjølv forstod eg at eg er oppteken av breidda i faget. Eg liker ikkje ideen om at det berre finst éin riktig metode. Då eg i 3. klasse drog på utveksling til New York, opplevde eg det same: Dei hadde ein klar idé om at berre deira metode var brukande. Også i norsk teater finst mange slike «sanningar», men eg ser at dei stort sett jobbar mot det same heile tida.

– Ved sida av å vera allsidig: Kva ser du sjølv som din styrke som skodespelar?

– Openheit, trur eg, både for rolla og for medspelarar – kunna lytta, vera til stades. Helge Jordahl har lært meg at ein skal aldri gjera narr av karakteren. Gode karakterar gjer gjerne mykje «feil», eller tek val ein ikkje er samd i. Då er det så lett å gå forbi karakteren og gjera narr av han. Det tok litt tid før eg heilt skjønte det.

Privat

– Har du ei intuitiv eller intellektuell tilnærming til rollene?

– Mange ser meg som intellektuell, mest fordi eg glad i å prata og ofte blandar meg inn i ulike delar av oppsetjinga. Men eg opplever at eg er meir intuitiv. Så har eg innsett at eg arbeider mykje meir med kroppen enn eg var klar over. Måten kroppen min jobbar for meg på, er sterkare enn eg trudde.

I godvêret slangar Preben Hodneland seg i hengjekøya heime hos foreldra på Fanebust langt nord i Lindås, som fram til siste reform var eigen kommune, men no er del av storkommunen Alver. Med seg i køya har han eit tjukt manus til heile Kristin Lavransdatter, som i Kjersti Horns regi skal opp på Det Norske Teatret i september, med strilen frå Lindås i rolla som forføraren Erlend.

Negative kritikkar veit han knapt kva er. Han har fått éin einaste ein, i ei osloavis, elles har det vore vellæte.

– Gjer den gode kritikken noko med deg?

– Sjølvsagt er det hyggeleg at folk liker det eg gjer, men det er ei fin øving å skilja mellom den eg er på scenen, og den eg er privat. Til meir positiv omtale, til sterkare interesse for meg, men publikum treng ikkje vita kva eg åt til middag. Eg liker at dei kjem og møter eit menneske dei ikkje kjenner så godt. I ei tid der bilde, video og streaming og live ting om privatlivet blir lagde ut i stadig aukande tempo og mengd, er det vanskeleg å ta vare på seg sjølv og sin eigen integritet, både på jobb og heime. Eg er eit privat menneske.

– Kjenner du deg att i det kritikarane skriv om deg?

– Eg er alltid nysgjerrig på korleis det eg gjer, blir teke imot. Eg blir utruleg glad når eg merkar at nokon får med seg nyansar i spelet mitt, for nyansar er eg svært oppteken av. Til dømes liker eg å gå ganske nær meg sjølv i ein periode, og så skapa avstand.

– Hender det at du finn noko i kritikkane som du kan dra nytte av?

– Nokre gonger kan du vera usikker på kva som skjer i ein augneblink. Du merkar at det fungerer, men skjøner ikkje kvifor. Så hender det at einkvan klarer å sjå det tydeleg og evnar å skildra det i ord. Ei slik stadfesting lærer ein av, og det kan gi større sjølvtillit, som jo er noko av det vanskelegaste i dette faget.

Hodnelands metode

Fleire av dei store rollene Hodneland har hatt, har vore både fysisk og ikkje minst mentalt krevjande. Især Raskolnikov, ein fem timars maraton, der han hadde eit filmkamera i ansiktet så å seia kvart einaste minutt. Så kan ein spørja: Korleis kjem skodespelaren seg inn i denne materien, og – ikkje minst – korleis får han det «ut av systemet» etterpå?

Svaret på det første spørsmålet er truleg «Hodnelands metode». Han les seg inn i stykka og rollene. Les og les til han kjenner at både tekst og karakter er komne under huda på han.

– Hamlet las eg så mange gonger at karakteren så å seia voks ut av meg. På Raskolnikov var prøvetida så kort at alle mine intuisjonar blei til den skikkelsen publikum fekk sjå. Får eg først teksten under huda, er det greitt. Men tekst lærer eg svært seint.

«Utvaskinga» er kanskje greiare, der har han sine knep, eller det han kallar «teite tricks». Som at han alltid må dusja etter ei framsyning, så å seia vaska av seg det han har vore gjennom. Å nullstilla seg og få nok kvile er det viktigaste.

– Med Hamlet i Bergen gav vi oss i tide, med Raskolnikov måtte eg sjølv seia stopp. Det blei så veldig. Å vera i ein karakter som Raskolnikov i så mange timar utan pause, gjer deg utmatta, både fysisk og mentalt. Då kan det vera vanskeleg å skilja, ikkje mellom røyndom og fantasi, men eg blei brått usikker på om det var eg eller Raskolnikov som græt. Denne fem timar lange feberrusen, der eg skulle forsvara det denne figuren tenkjer, seier og gjer, blei svært heftig. Det var tale om at framsyninga skulle gå ein runde til, men eg kjende meg heilt ferdigspelt, ville ikkje gå inn i den mentaliteten igjen.

Ambisiøs

Eit spørsmål om i kva grad han må identifisera seg med rolla for å lykkast, finn Hodneland vanskeleg å svara på. Han trur det handlar meir om empati eller å ta innover seg det karakteren går gjennom.

– Det gjeld å finna seg sjølv i dei omstenda personen opplever, ikkje å identifisera seg med han. Eg som person står der, og det er mitt kjensleliv eg prøver å få i gang med ein gitt tekst. Men eg treng ikkje sjå likskapar til mitt eige liv. Mørket som bur i fleire av skikkelsane eg har skapt på scenen, finst i meg òg, men eg har heldigvis ein psyke som hindrar meg i å ta dette ut i handling, seier han.

– Berre å bli gitt rolla vitnar om tillit. Hovudrolla er då det du er, og det du gjer. Ein må få tillit til å følgja intuisjonane sine. Å ha tillit til arbeidet sitt, til prosessen, er det dette dreier seg om. Tilliten til ein sjølv skal vera litt skøyr, ikkje noko som automatisk kjem med rolla.

– Du har sagt at du ser likskapar mellom deg sjølv og Hamlet.

– Ikkje berre med han, med alle moglege karakterar. Eg trur det er særleg lett å kjenna seg igjen i Hamlet, for han er eit heilt menneske på godt og vondt. Du blir flau av å sjå korleis han kan te seg, men har samstundes full forståing for at han gjer det. Eg kjenner meg så igjen i den sterke ambivalensen til livet og rolla ein har fått, posisjonen ein har, relasjonen til foreldre, kva som er venta av deg og så vidare.

Hodneland seier at Hamlet er ein fantastisk karakter.

– Berre det at han har eit spel i spelet, som vi speler, er genialt. Det syner kva for manipulering som ligg i å spegla dei ein talar til.

– Korleis er dei kunstnarlege ambisjonane dine?

– Eg er ambisiøs. Eg hadde ikkje blitt skodespelar om eg ikkje trudde at dette var noko eg kunne gjera bra. Det er ein spesiell bransje, der det er lett å mista seg sjølv, lett å seia ja til noko ein eigentleg ikkje vil.

Ambisjonane om å nå langt har vore der frå dag éin.

– Men eg har ikkje hastverk. Eg har heile tida ønskt å jobba med dei beste, vil utfordra meg så mykje som råd, freista få fram det beste i meg sjølv. Det er hardt arbeid, og til no har eg nok teke betre vare på den profesjonelle meg enn den private. Teateret har vore mitt hovudfokus sidan eg gjekk ut av Teaterhøgskulen i 2014. Det har gått frå å vera skummelt til å kjennast greitt å stå framfor eit publikum i den evige ubalansen mellom det trygge og det utrygge. No byrjar eg kjenna meg heime i det rommet med kjenslene som skal handterast der.

Meir samtidsdramatikk

– Har du fått tilbod om store roller du har sagt nei til?

– Ja, fordi det ikkje kjendest rett. Fleire gonger har eg konkludert med at dette er eg ikkje i stand til å meistra på dei gitte vilkåra, som til dømes Peer Gynt. Eg må kjenna meg klar, merka at det resonnerer i meg. I film og TV har produksjonsraten gått kraftig opp, og eg ser stadig manus eg ikkje skjøner vitsen med å laga.

Peer Gynt, som Hodneland førebels har sagt nei til å spela, står ironisk nok øvst på lista over draumeroller. Men den dagen han kjenner seg klar, kjem nok tilbodet. Då må han òg vita kven han skal gjera det saman med, for den rolla er så stor, så mytisk.

– Dei gøyaste rollene er dei du får skapa heilt sjølv, som i Tid for glede. Eg er stolt over å ha fått vera med på den aller første framsyninga av eit Arne Lygre-stykke. Eg trur han ønskte at eg skulle ha den rolla, men eg trur òg at han blei svært overraska over det han fekk sjå.

– Kor mykje får du vita om ei ny rolle eller eit regikonsept før du må svara ja eller nei?

– Altfor lite. Ofte kjem ein berre på ei liste, der nokon har valt for deg, utan at du har fått vita noko. Eg trur at skodespelarane, i alle høve i prosjekt der ein skal vera medskapande, må få ein heilt annan tilgang til kunnskapen om kva dei skal inn i. Vi skal jo laga noko saman. Heldigvis har eg også fått jobba med regissørar som vil ha meg med i diskusjonen.

– Kvar ligg kjærleiken din, hos klassikarane eller i samtidsdramatikken?

– Det finst ikkje så mykje samtidsdramatikk. Men det har vore heilt fantastisk å jobbe med ein heilt ny tekst av Arne Lygre, det gav meg kjensla av samtid. Å jobba med verk av i dag trur eg har mykje større verdi enn klassikarane. Klassikarane er klassikarar fordi dei er gode tekstar, men ein går ikkje den ekstra lengda med dei lenger, for det har andre gjort før oss, seier han.

– No er det stort sett klassikarar eg har spelt, og eg er jo svært glad i det. Men kjærleiken min til det som ligg nærmast oss i tid, er nok sterkast. Eg vil ha meir nytt materiale. Og dei norske dramatikarane må få sleppa til på dei nasjonale hovudscenene så dei kan venja seg til å skriva for det formatet.

Ikkje syna for mykje

Hodneland har ikkje vore så aktiv på filmfronten, sjølv om det ikkje har mangla på tilbod. Men når Kristin og Erlend har fått sitt, kan det vere aktuelt å sjå i retning film igjen.

– Eg har lyst å prøva meg litt på andre arenaar.

– Kva har filmrøynslene gitt deg så langt?

– Der lærer du fort at du blir så gjennomsiktig, kameraet er så tett på, det er noko særeige med å stå framfor eit kamera. Det er fotografen som manipulerer publikum, avgjer kva dei får sjå – ikkje eg. Å vera in tune med fotografen har lært meg ganske mykje, også slikt som eg har teke med meg inn i teateret.

– Korleis overfører du desse røynslene til teateret?

– Ved å tora å ikkje syna for mykje. Spela stort må ein jo ofte for å nå fram til bakre benkerad, men det handlar berre om volum, diksjon og kroppsmedvit. Du skal ikkje syna for mykje, folk må få sjå sjølve.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Klassikarane er klassikarar fordi dei er gode tekstar, men ein går ikkje den ekstra lengda med dei lenger, for det har andre gjort før oss.

Preben Hodneland, skodespelar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis