wikipedia
Somalisk
litteratur i oslo
Fyrste helga i mai er det somalisk litteratur, poesi og identitet som står i fokus på Litteraturhuset i Oslo. Ein av forfattarane som kjem, er den prislønte forfattaren Nadifa Mohamed. Det er den somaliske diasporaen – somaliske forfattarar som bur utanfor heimlandet – som er tema denne gongen. Det handlar altså om å stå med føtene i to ulike kulturar, og korleis dette dilemmaet ter seg i litteraturen.
Nylesing av
aksel Sandemose
Den populære serien «Fortidas folkelesing» på Nasjonalbiblioteket held fram. Denne gongen har Kjersti Annesdatter Skomsvold lese Aksel Sandemose for fyrste gongen. 13. mai fortel ho om far til den illgjetne Jantelova; ho vil her freiste å finne mennesket attom dei mange mytane om Sandemose. Føredraget blir lansert som bok same dag.
Dracula på Island
I 1897 kom Bram Stokers roman Dracula. Berre tre år etter kom historia som avisføljetong i den islandske avisa Fjallkonan (Fjellkvinna). Tittelen på islandsk var Makt Myrkranna (Makta av mørkret). Føljetongen var skriven av Valdimar Ásmundsson og kom seinare ut som bok. No er boka omsett attende til engelsk, med tittelen Powers of Darkness: The lost version of «Dracula». Ásmundsson har sprita opp forteljinga endå meir med blod og gørr, men òg norrøn mytologi. Det som gjer det ekstra spennande, er at det er mogeleg denne versjonen byggjer på eit eldre utkast til Stokers Dracula som Ásmundsson hadde fått tak i.
ronny@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Somalisk
litteratur i oslo
Fyrste helga i mai er det somalisk litteratur, poesi og identitet som står i fokus på Litteraturhuset i Oslo. Ein av forfattarane som kjem, er den prislønte forfattaren Nadifa Mohamed. Det er den somaliske diasporaen – somaliske forfattarar som bur utanfor heimlandet – som er tema denne gongen. Det handlar altså om å stå med føtene i to ulike kulturar, og korleis dette dilemmaet ter seg i litteraturen.
Nylesing av
aksel Sandemose
Den populære serien «Fortidas folkelesing» på Nasjonalbiblioteket held fram. Denne gongen har Kjersti Annesdatter Skomsvold lese Aksel Sandemose for fyrste gongen. 13. mai fortel ho om far til den illgjetne Jantelova; ho vil her freiste å finne mennesket attom dei mange mytane om Sandemose. Føredraget blir lansert som bok same dag.
Dracula på Island
I 1897 kom Bram Stokers roman Dracula. Berre tre år etter kom historia som avisføljetong i den islandske avisa Fjallkonan (Fjellkvinna). Tittelen på islandsk var Makt Myrkranna (Makta av mørkret). Føljetongen var skriven av Valdimar Ásmundsson og kom seinare ut som bok. No er boka omsett attende til engelsk, med tittelen Powers of Darkness: The lost version of «Dracula». Ásmundsson har sprita opp forteljinga endå meir med blod og gørr, men òg norrøn mytologi. Det som gjer det ekstra spennande, er at det er mogeleg denne versjonen byggjer på eit eldre utkast til Stokers Dracula som Ásmundsson hadde fått tak i.
ronny@dagogtid.no
Fleire artiklar
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.
Frå markeringa av den internasjonale kvinnedagen i Oslo sentrum.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Bollestad sprer myter og faktafeil
Vi må skille mellom hva som skal løses av abortloven, og hva som skal løses andre steder.