JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DiktetKultur

Sigrun Okkenhaug

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: S. Bjerkan, Levanger, ca. 1915.

Foto: S. Bjerkan, Levanger, ca. 1915.

2705
20221118
2705
20221118

Dette diktet er skrive av Sigrun Okkenhaug (1889–1939). Okkenhaug tilhøyrde eit intellektuelt miljø i Levanger, der lærarskule- og folkehøgskulekultur, venstrepolitikk og nynorsk hadde gode kår. Olav Duun kom frå same miljøet. Far til Sigrun Okkenhaug var skulemannen og målmannen Arne Vestrum. Ho sjølv var mor til komponisten Paul Okkenhaug, kjend for musikken til Spelet om Heilag Olav.

Eg har tidlegare omtala diktet «Paulus og kvinna» av Okkenhaug, som viser kvinnesaksengasjementet hennar. I år kom ei samling med etterlatne dikt, Det lagar seg nok – eit tidsbilde. Der finn vi ein tidlegare versjon av «Paulus og kvinna», saman med andre dikt. Somme av dei har vore prenta i nynorsktidsskrift, men dei fleste kjem no på prent for fyrste gong. Her er dikt til gravferder, om naturinntrykk, kjærleik og vonbrot, krig og kristentru.

Eg har valt dette diktet i bolken «Draumar, tankar, lengt». Det er frå 1912, då poeten var 23 år. Det er merkt av rastløyse og skort på sjølvtillit som mange i den aldersgruppa kan kjenne seg att i – kanskje det på Okkenhaugs tid var større hjå bygde- enn hjå byungdom. Men samtidig openberrar diktet eit viljesterkt og målmedvite sinn: «Kvi skulde tvilen i hjarta faa bu,/ naar hugen mot storverk brenn?» Den «brennande hugen» hennar kjem til uttrykk i ei blanding av jambar og daktylosar, saman med ein effektiv repetisjon av «kvi skulde eg». Det er kryssrim i nærast kvar versline, og det er òg med på å skapa den suggestive rytmen. Tematisk kan diktet få oss til å tenkje på dikt av andre bygdekvinner den gongen, som Astrid Langjord. Det kan òg få oss til å tenkje på «Det er den draumen» av Olav H. Hauge, som er ljosare i tonen.

Det lagar seg nok – eit tidsbilde er redigert av Johan og Erling Okkenhaug, begge barneborn av diktaren. Boka er komen ut på forlaget til sistnemnde, Allgrønn Okkenhaug forlag. På nettstaden til Allgrønn finst det meir informasjon og opptak av fine tonesetjingar av Sigruns dikt.

Ronny Spaans

Kvi skulde eg

Kvi skulde eg aldri finna

dei tonar eg har djupt i mitt sinn?

Kvi skulde eg aldri vinna

dit ljoslengten i draum bar meg inn?

Kvi skulde eg sjaa alt det fagre

naar aldri eg kunde dit naa?

Kvi skulde eg lengta so ut imot livet

naar livet eg aldrig kund’ liva faa?

Slik spør eg og spør, men aldrig fær svar,

og suti vert større um senn.

Kvi skulde tvilen i hjarta faa bu,

naar hugen mot storverk brenn?

Eg saag paa dei andre, mot maalet dei traadde,

kva aatte dei alle, men ikkje eg?

Trui dei aatte, di maalet dei naadde,

eg einsam stod att med tvilen i meg.

Og slik maa eg staa i alle dagar

so lenge eg ikkje kan tru.

Eg aldrig naar mot dei solljose hagar

so lenge som tvilen i hjarta fær bu.

Sigrun Okkenhaug

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis