Litteratur
Sensasjonell nynorskauksjon
Dette var den største auksjonen av nynorsk skjønnlitteratur nokosinne, slår boksamlar og advokat Cato Schiøtz fast.
Arne Garborgs Bondestudentar frå 1883 med dedikasjon til Amalie Skram gjekk for 7000 kroner.
Foto: SD / Auksjoner
Cato Schiøtz siktar til den store nettauksjonen som antikvariatet S&D (Sagen & Delås) avslutta sist sundag. Dei selde bøker av Ivar Aasen, Aasmund O. Vinje, Arne Garborg, Per Sivle og Jon Fosse. Og prisane skaut i vêret, og vart så høge at det overraska alle.
Det var ein sensasjonell auksjon. Har me nokosinne vore vitne til liknande seanse i vår bokheim? Tidlegare har ei og anna bok gått til himmels, men denne dagen ville nynorskrakettane bløma og bløma, oppsummerte Richard Sørbø i Norlis Antikvariat dagen etter.
Det dyraste objektet var åtte årgangar av Vinjes legendariske avis Dølen, som vart selde for 200.000 kroner, medrekna salæret. Det vart lagt ut om lag 60 Garborg-objekt, og dyrast var debutboka Smaa-Stubber, som vart seld for 105.000, pluss 25 prosent salær.
Det var den imponerande nynorsksamlinga til den kjende styrenestoren og næringslivsmannen Johan Fr. Odfjell som gjekk under hammaren, og dette var den fjerde og siste auksjonen av den store boksamlinga hans. Inntektene frå boksalet går til Vibeke Aase og Johan Fredrik Odfjells allmennyttige stiftelse.
Supersamlaren
I om lag tretti år har Schiøtz samla bøker, og det hender at han skriv om litteratur. 95 prosent av Garborg-samlinga og heile Sivle-samlinga på auksjonen kom opphavleg frå han. Han hadde ei av Noregs finaste samlingar av bøker av nynorskforfattarar som Garborg, Vinje, Aasen, Sivle, Ivar Mortensson-Egnund, Tarjei Vesaas med fleire.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.