– Samehetsen verst i kjernesamiske område

Stjernekampvinnar Ella Marie Hætta Isaksen vil opplyse majoritetsbefolkninga og inspirere unge samar. Eit ledd i dette arbeidet er boka Derfor må du vite at jeg er same.

Ella Marie Hætta er artist, klimaaktivist og frontfigur i bandet Isák. I 2018 vann ho NRKs Stjernekamp.
Ella Marie Hætta er artist, klimaaktivist og frontfigur i bandet Isák. I 2018 vann ho NRKs Stjernekamp.
Publisert

Tjuetreåringen frå Tana har vakse opp med fordommane og rasismen som synest å følgje det å vere same her i landet. Men ho som like frå barneskulen har vore aktivist for samisk kultur, samisk språk og alt anna samisk, er ikkje ei som berre lèt seg slå i bakken når ho møter kunnskapsløyse, uforstand og uvilje. Då ho som tjueåring vann Stjernekamp i NRK, stolt iført den samiske kufta si, fann livet hennar ei tydeleg retning.

– Det var stort for meg som artist å vere med i Stjernekamp, for eg hadde ambisjonar som musikar. Eg har alltid vore stolt over å vere same og involvere den samiske kulturen min i alt eg gjer. I Stjernekamp ønskte eg å representere den samiske kulturen på ein verdig måte, mellom anna ved i finalen å framføre joiken til Máze, på norsk kjend som Masi, bygda som for femti år sidan skulle leggjast under vatn.

Ho fortel at ho ikkje hadde sett føre seg det som skjedde.

– Joiken utløyste ein flaum av e-post. Dels frå nordmenn som blei rørte av ei historie dei var heilt uvitande om, og som ikkje visste at rasismen mot samar framleis lever, dels frå mange samar som var stolte og rørte, og som opplevde det som stort å sjå meg stå så sjølvsagt i kufta mi på NRK 1 i beste sendetid. Det gav meg ein posisjon og ei plattform til å bruke røysta mi også etter Stjernekamp.

– Etter dette blei du ein slags omsorgsperson for ukjende menneske som heile livet hadde bore på ei skam over å vere samiske?

– Eg opplevde at mange hadde behov for å halde meg i handa og seie høgt at dei er samar. Dei fortel om eigen bakgrunn, og eg har nok ikkje makta møte alle med den audmjukskapen dei fortener. Eg har jo vore i mi eiga verd, men eg håper alle desse menneska har andre dei kan prate med. Eg er svært takksam for alle som har opna seg for meg og som framleis gjer det på sosiale medium og i andre samanhengar. Framleis får eg meldingar frå folk som ber på ei sorg og ei skam, og som har mista delar av den samiske identiteten sin. Det har gitt meg mykje.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement