Teknologi
Eit lite stykke KI-revolusjon
STAD: I ei nedlagd olivingruve finst ei datamaskin med superkrefter. Kunstig intelligens gjer at trongen for tungrekning aukar drastisk.
Lefdal Mine Datacenter er plassert i ei tidlegare olivingruve. Djupt inne i fjella vert datahallane overvakte døgnet rundt.
Foto: Lefdal Mine Datacenter
– No skal vi køyre 700 meter inn i fjellet og 60 meter under bakken, seier Mats Andersson.
Ved riksveg 15, midt mellom Måløy og Nordfjordeid, midt i Postkort-Noreg, der beitemarker møter fjord og fjell, finst ei opning i berget, verna av høge piggtrådgjerde, overvakingskamera og låste portar.
Eg har ikkje møtt mange bilar på vegen frå Sandane flyplass, men Widerøe-flyet frå Gardermoen var fylt med folk opptekne av tungrekning, kunstig intelligens (KI), forsking og næringsliv. Dei skulle alle til den same staden, til Lefdal Mine Datacenter, der dei nedlagde olivingruvene har fått nytt liv som datasenter, og som frå no av husar statens kraftigaste datamaskin, Olivia.
Ny æra
Eg kjem til Lefdal dagen før feiringa der kunnskapsministeren skal proklamere at Olivia startar ein «ny æra» for forsking og kunstig intelligens i Noreg. Etter å ha vore gjennom obligatorisk registrering av andlet og ID og fått tildelt hjelm og refleksvest ber det i veg i bil inn i berget, med datasenterets salssjef Mats Andersson ved rattet.
Kunstig intelligens gjennomsyrer gradvis fleire og fleire delar av kvardagen vår. Målet med denne underjordiske reisa er å sjå ein liten del av KI-revolusjonen i konkret form. For med utbreiinga av kunstig intelligens kjem trongen for stadig meir datakraft og for datasenter i verna omgjevnader. Det vert snakka om å ha ein nasjonal infrastruktur og beredskap for KI. No skal eg få sjå vår tids arbeidshest – ein viktig del av denne infrastrukturen og beredskapen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.