Kunnskap

Dyreparkar

Sjimpansar er sosiale og intelligente dyr som det er vanskeleg å gje eit godt liv i fangenskap.
Publisert Sist oppdatert

Det er midtsommar og ferietid. Å gå på besøk i dyrehagar er populært, særleg for barnefamiliar. Men kanskje er det på tide å finne noko anna å bruke feriepengane til enn å stire på deprimerte dyr i fangenskap.

Å fange og vise fram merkelege skapningar er noko vi menneske har drive med lenge. Kongar og rikfolk har alltid likt å stille ut farlege eller eksotiske dyr som prov på si eiga makt og sin eigen velstand. Meir moderne dyreparkar som var opne for publikum, dukka opp i Europa på byrjinga av 1800-talet.

Parallelt med framsyning av dyr vart det også god butikk i å stille ut eksotiske eller misdanna menneske i såkalla freak shows, eit fenomen som fengde folkemassane både i Europa og i USA. På same billetten kunne ein dermed få sjå tamme bjørnar, ville apekattar, menneske med merkelege misdanningar og – om ein var retteleg heldig – ei galen kvinne som beit hovudet av levande rotter.

Stressande

Framsyning av menneske på denne måten vart etter kvart umoderne, men dyreparkar har vi framleis. Trass i det vi no veit om kor vanskeleg det er å sikre god velferd for ville dyr i permanent fangenskap, og kor stressande det er for desse dyra å bli tvinga til å vere tett på folk. Stadig fleire dyreparkar inviterer no besøkande til å halde dei ville dyra, gi dei mat eller symje i eit basseng saman med til dømes selar eller delfinar. Denne opplevinga skal gi folk betre kunnskap om og meir empati med dyr. Forsking har vist at den positive empatieffekten i beste fall er liten og på ingen måte kan forsvare slik plaging av forsvarslause dyr.

Det er rett nok mogleg at aper kan bli så vande med folk at dei ser på besøka som eit positivt innslag i kvardagen. Kanskje ikkje så merkeleg, når livet elles er dørgande kjedeleg og monotont, men velviljen kjem nok like mykje av dei matbitane som folk kastar inn til dyra. Rovdyr som krokodiller, ulvar og bjørnar har på den andre sida lite til overs for folk og vil helst halde seg på trygg avstand. Men for å lokke fram dei skyaste dyra blir det ofte arrangert besøk samstundes med fôringa, på den måten blir dyra tvinga til å velje mellom svolt og stress.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement