Samtalen
Uroa for konsensusen i utanrikspolitikken
Regjeringa vil forplikte seg til å nytte 5 prosent av BNP på forsvar. Men det er ikkje ressursbruken, men forholdet til EU, som uroar Iver B. Neumann, direktør ved Fridtjof Nansens Institutt.
Ein fransk fregatt ligg ved kaia i Oslo under Emmanuel Macrons statsbesøk denne veka. Den franske regjeringa vonar Noreg vil velje å kjøpe fem eller seks franske fregattar som del av opprustinga av Forsvaret. Kjøpet kan bli den største enkeltinvesteringa norske styresmakter har gjort nokon gong, melde NRK i mai.
Den europeiske tryggingspolitikken er i endring. Denne veka møttest medlemslanda i Nato til det årlege toppmøtet, denne gongen i Haag. Alt på førehand var det viktigaste spørsmålet avklart: Alle medlemslanda, med unnatak av Spania, har akseptert Donald Trumps krav om at 5 prosent av BNP skal gå til forsvarsutgifter. Onsdag stadfesta Nato målet i ei felleserklæring.
Eit krav om 5 prosent til forsvar var knapt tenkeleg då kravet først blei fremma for eit halvt år sidan. Då kalla den dåverande tyske kanslaren, Olaf Scholz, forslaget «altfor dyrt» og peika på at det ville koste 20 prosent av det føderale budsjettet til Tyskland. Så seint som i mai omtalte statsminister Jonas Gahr Støre 3 prosent som «veldig omfattande». Berre nokre veker seinare, i byrjinga av juni signaliserte Noreg og dei nordiske nabolanda under eit toppmøte i Vilnius at dei ville gå inn for 5 prosent, der 3,5 går til forsvar, medan 1,5 går til cybertryggleik. Før toppmøtet i Haag var det berre Spania som protesterte mot ressursbruken. Kva har endra seg?
– Eigentleg er grunnen openberr, seier Iver B. Neumann, statsvitar, antropolog og direktør ved Fridtjof Nansens Institutt.
– Vi har ei ustabil verd der Kina utvidar maktsfæren sin i aust, Russland er aggressor på grensa til Europa, medan USA pressar på for at vi skal nytte meir på forsvar, og trugar med å trekke seg ut. Alle desse tre faktorane er heftige drivarar bak ei slik opprusting. Samstundes har europeiske regjeringar skjøna at om dei ikkje tek over forsvaret for seg sjølve og Ukraina, blir Russland eit trugsmål.
– Korleis skal regjeringa nytte dei 5 prosentane mest mogleg effektivt?
– Hovudproblemet blir å få tak i personell. Vi må slutte å insistere på at tilsette i Forsvaret må bu i Nord-Noreg. Det er det dei færraste som vil. Røynsla frå tidlegare er at folk ikkje ville flytte dit om dei ikkje kunne vekependle. I staden for å nytte forsvarspengar på industristøtte og distriktspolitikk må vi nytte dei på det dei skal brukast til, og det er Forsvaret.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.