Klima

Meiner havet kan stiga fire–fem meter på 200 år

Isen i Antarktis og på Grønland smeltar i rekordfart. No meiner forskarar at isen i Vest-Antarktis kan kollapsa, og hava stiga fleire meter på nokre hundre år.

Kval leikar i Sørhavet med isfjell og ei antarktisk fjellrekkje som kulisse.
Publisert Sist oppdatert

Verda blir varmare, og isen smeltar. Men kor raskt smeltar isen? Lenge har forskarane meint at gjennomsnittstemperaturen på jorda måtte stiga med nesten 3 grader før det ville trua innlandsisen i Antarktis. Ny forsking viser no at innlandsisen er langt meir temperaturfølsam enn ein tidlegare har trudd.

– I løpet av 30–40 år vil me passera det punktet der isen i Vest-Antarktis ikkje lenger er til å redda. Sannsynlegvis har me alt passert punktet, seier glasiolog David Chandler frå forskingssenteret Norce i Bergen til Dag og Tid.

– Det er stadig sterkare bevis for at me alt har passert det punktet i global oppvarming som gjer at Vest-Antarktis vil smelta, seier professor Chris Stokes ved Durham-universitetet i England.

Havet stig

Dei siste ti åra har den globale oppvarminga akselerert. Åra 2015–2024 er dei varmaste som er målte, skal me tru Den meteorologiske verdsorganisasjonen (WMO), og 2024 er det desidert varmaste året. Årsaka til temperaturauken er forbrenning av kol, olje og gass og utslepp av karbondioksid (CO2). Aukande varme gir aukande smelting. Sidan 1990-talet er smeltinga i Antarktis og på Grønland firedobla.

– Grønland og Antarktis mistar no 370 milliardar tonn is kvart år, seier professor Stokes.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement