Litteratur
Romanen som sorgarbeid
Tragedie under drivende skyer er Rune Christiansens femte roman på rad med kvinneleg hovudperson. Det var ikkje intensjonen, men han merka fort at det måtte bli slik.
Rune Christiansen har fått ei rekkje litterære prisar for forfattarskapen sin, som rommar dikt, romanar og essay. Foto: Baard Henriksen
Rune Christiansen treng ikkje reise så langt heimanfrå for å få idear til ein roman, ofte kan eit lite hus i Tynset gi han det han treng. Men denne gongen var det eit lengre opphald i Saint-Nazare på den franske vestkysten som gav 62-åringen både inspirasjonen, atmosfæren og ideen til den tolvte romanen hans.
– Eg hadde nokre notat til ei romanopning, men ante ikkje kvar eg skulle. Så reiste eg og sambuaren min til Biscayabukta, der vi blei verande i to og ein halv månad. Då vakna eg grytidleg ein morgon og hadde ein slags gang på opninga. Eg omarbeidde det eg først hadde skrive, til noko som tok veldig tak i meg. Det har samanheng med lesing i oppveksten min, alt frå den klassiske kriminallitteraturen i sjangerens gullalder til klassiske amerikanske ghost stories, som eg har lese mykje av dei siste åra.
Han seier at han nærma seg sjangerlitteratur, som han også gjorde i den førre romanen.
– Den nye blei skriven i det eg nesten vil kalle forgjering. Det dårlege vêret, landskapet som låg delvis under vatn etter flaum – alt dette dreiv meg inn i ein atmosfære eg tok med inn i romanskrivinga.
– Kunne hovudpersonen i denne romanen vore mann?
– Det trur eg. Men eg innsåg tidleg då eg skreiv at det kunne han ikkje likevel. Du pressar noko i meg når du spør om det. Først skreiv eg to–tre sider i 1. person med mannleg hovudperson. Så stoppa det heilt opp, eg fekk ikkje tak i den personen. Men då den unge kvinna dukka opp, sa det pang!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.