Litteratur
Relasjonar i rørsle
Kristin Vego hadde trong for at ein autoritet utanfrå skulle seie at det ho heldt på med, var godt nok. Så fekk ho Tarjei Vesaas’ debutantpris for novellesamlinga Se en siste gang på alt vakkert.
Kristin Vego er frå Aarhus og bur i Oslo. Ho er kritikar i den danske avisa Information og redaktør i tidsskriftet Vagant.
Foto: Erika Hebbert
Det spesielle med denne tildelinga er at den 30 år gamle debutanten er fødd og oppvaksen i Aarhus, og at ho skreiv manuset på dansk. Men det var også ho sjølv som laga den norskspråklege versjonen, som under omskrivings- og redigeringsarbeidet blei kraftig endra.
Ein viktig grunn til det, trur ho, var at ho då fekk eit framandt blikk på det ho hadde skrive. Og det var i Noreg ho debuterte, på norsk. Men ho talar dansk, det aktar ho å halde fram med – sjølv om ho sidan august 2020 har vore busett i Oslo med norsk sambuar.
Overgang
Kvinnene i novellene til Vego står på overgangen bort frå noko og over til noko anna, og det kan gjerne vere henta frå forfattarens eige liv. Vego er norsk ikkje berre i kraft av moras statsborgarskap, men òg ved at ho i mange år har lese mykje norsk litteratur. Så står ho med ein fot i dansk kulturliv, som litteraturkritikar i avisa Information, der ho melder mange norske bøker, og i norsk kulturliv som redaktør i tidsskriftet Vagant sidan 2017.
– At det eg skriv har samanheng med mitt eige liv, trur eg godt vi kan seie. Det er ikkje noko eg har tenkt på under skrivinga. Men eg stod på eit punkt i livet der det kunne ta fleire ulike retningar. Det gav meg kjensla av at her låg mange små historier, her var det mange vegar å gå.
På veg
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.